Jinci

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jinci

Kart
Jinci-tempelet
37°42′29″N 112°26′32″E / 37.70791667°N 112.44236111°E / 37.70791667; 112.44236111

Jinci eller Jin-tempelet er det best kjente tempelkomplekset i Shanxi. Det ligg 25 km sørvest for Taiyuan ved foten av fjellet Xuanweng ved Jin-kjelda. Det vart grunnlagt for om lag 1400 år sidan og vart utvida i løpet av dei neste hundreåra. I dag er det ei variert samling av meir enn 100 skulpturar, bygningar, terrassar og bruer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tempelet går tilbake til 400-talet[1] og vart opphavleg laga for forfedredyrking, noko som gjer det sjeldan.[2] Det vart bygd til minne om den første Jin-herskaren under Zhou-dynastiet, Tang Shuyu, og mor hans. Seinare har det vore brukt til ulike religiøse kultar og som kloster.[1]

Keisar Tangtaizong av Tang-dynastiet vitja staden i 646 og skreiv epigrafar om det. Under Nordlege Song (960-1127) vart tempelet vølt og det vart bygd ein hall til minne om Yijiang, mor til Tang Shuyu.[3]

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Statue av Den heilage mora

Det best kjente byggverket i Jinci er Hallen til den heilage mora (圣母殿, Shèngmǔdiàn), som vart reist i tida frå 1023 1032 under Song-dynastiet. [4] Det har utskorne drakar i tre som slynger seg rundt åtte pilarar som støttar eit oppoverretta dobbeltrafta tak. I tempelkomplekset er det ein klassisk hage med ein 3000 år gammal sypress frå tida til Zhou-dynastiet.

Vest for Hallen til den heilage mora ligg eit tempel vigd vassguddommen Shuimu.[5]

Like ved Jinci ligg Wang familiehall, ein privat villa bygd i 1532 for Wang Qiong som var ein høgtståande embetsmann under Ming-dynastiet.

Jinci-tempelanlegget vart i 1961 ført opp på Folkerepublikken Kina si liste over verneverdige kulturminne.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Shanxi - Economy», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 2. oktober 2020 
  2. «Taiyuan Jinci Temple, Shanxi», www.travelchinaguide.com, henta 2. oktober 2020 
  3. «Jinci Temple Taiyuan», www.visitourchina.com, henta 2. oktober 2020 
  4. «Jinci Temple». China-tour.cn. Arkivert frå originalen 19. august 2014. Henta 15. august 2014. 
  5. Hoevels, Fritz Erik (1999). Mass Neurosis Religion: Colleted Essays about the Psychoanalysis of Religion. Ahriman-Verlag GmbH. s. 196–197. ISBN 9788391176320. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]