Jindires

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jindires
جنديرس
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Distrikt Afrin-distriktet
Nahiyah Jindires
Koordinatar 36°23′41″N 36°41′20″E / 36.39472°N 36.68889°E / 36.39472; 36.68889
Folketal 13 661  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Jindires
36°23′41″N 36°41′20″E / 36.39472222°N 36.68888889°E / 36.39472222; 36.68888889
Wikimedia Commons: Jindires

Jindires (arabisk جنديرس, òg skrive Jandires, Jendires, Jendeires eller Jandarus) er ein by nord i Syria i Afrin-distriktet i Aleppo guvernement. Han ligg ved elva Afrin Cayi, 68,4 km nordvestover langs vegen frå Aleppo og 20,9 km sørvest for Afrin.[2] Av stader i nærleiken finn ein Deir Ballut og Bayadah i sørvest, Zahra i nordvest, Kafr Safra i nord, Afrin i nordaust og Burj Abdullah i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Jindires eit folketal på 13 661 i 2004.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jindires ligg på same stad som den antikke byen Gindarus eller Gindaros (gresk Γίνδαρος), ein akropolis i Kyrrostika i den hellenistiske tida.[3] Slaget ved Gindarus fann stad nær byen i 38 fvt. Parthianarane under Pacorus I leid eit massivt nederlag mot dei romerske armeane til Ventidius og Pacorus sjølv mista livet i slaget.[4] Under romarane høyrte byen til Antiokia.[3] Keisar Theodosius den store bygde festningsverk i byen under regjeringstida si.[5] Spor etter festningsmuren står framleis på sør og vestsida av åsen, medan den moderne landsbyen ligg ved foten av åsen.[6]

På 1300-talet, under mamelukkane, vart Jindires vitja av den syriske geografen al-Dimashqi som skildra han som «ein småby nær Tizin, og i området til Jumah. Her er mange bustadhus. Det er ei varmekjelde her, men det er ukjend kvar vatnet kjem frå, eller kvar det flyt.»[7]

Den britiske forfattaren William Harrison Ainsworth, vitja landsbyen på 1800-talet og skildra han i magasinet sitt som «består av kring 50 hytter og ein kunstig ås, eller tel, med enkelte spor etter ei borg eller citadellen Cyrrhestica, og skildra av Strabon som 'ein gøymestad for bandittar.'»[8]

Kyrkjehistorie[endre | endre wikiteksten]

Den første og einaste kjende biskopen av Gindarus var Peter, som vitja Konsilet i Nikea i 325[9] og Antiokia i 341.[10][11] På tida til Justinianus I av Austromarriket hadde Gindarus berre ein periodeutes og ikkje ein biskop. Leivningane etter St. Marinus vart haldne her, men vart seinare flytta til Antiokia.[11]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2012, under den syriske borgarkrigen fall Jindires til Det demokratiske einingspartiet (PYD) og den væpna greina av Folkevernseiningane (YPG).[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. Archived at [1]. (arabisk)
  2. Maps (Map). Google Maps. 
  3. 3,0 3,1 Cohen, 2006,s. 170-171
  4. Kreitzer, 1996, s. 44.
  5. Vailhé (1909). Cites:Patrologia Graeca, XCVII, 517.
  6. Sagona, 1984, s. 323.
  7. le Strange, 1890, s. 462.
  8. Ainsworth, 1844, s. 35.
  9. Gelzer, Patrum Nicænorum nomina, s. 61
  10. Lequien, Oriens Christ., II, 789
  11. 11,0 11,1 Catholic Encyclopedia 1907-1912, s.v. 'Gindarus'
  12. «Tyrkisk avis: Kurdistan nr. 2 bliver dannet». Jiyan.dk (på dansk). 22. juli 2012. Arkivert frå originalen 28. juli 2013. Henta 28. juli 2012.