Jingzong av Tang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jingzong av Tang

Keisar av Kina
Regjeringstid824-827
Fødd22. juli 809
FødestadChang'an
Død9. januar 827
DødsstadChang'an
GravstadSanyuan
FøregangarMuzong
EtterfølgjarWenzong
Gift medkonsort Guo
DynastiLi
FarMuzong av Tang
MorEmpress Dowager Wang
BornLi Pu, Li Chengmei, Li Xiufu, Li Zhizhong, Li Yanyang, Princess Yongxing, Princess Tianchang, Princess Ning

Jingzong av Tang (fødd 22. juli 809 i Chang'an, daud 9. januar 827) var keisar i Kina under Tang-dynastiet som tenåring, frå 824 til han blei drepen i 827.[1] Han var då berre 17 år gammal.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Keisar Jingzong var eldstesonen til Li You (den dåverande prinsen av Sui og seinare keisar Muzong) og storebror til dei seinare keisarane Wenzong og Wuzong. Mora var konkubina, til Li You, konsort Wang, som fødde han i ein sidehall i Det austlege palasset.

Keisar[endre | endre wikiteksten]

Keisar Jingzong si korte regjeringstid blei overskugga av korrupte evnukkar som kontrollerte den keiserlige Shence-hæren (神策軍). Sjølv markerte han seg med tankeløyse, overdådigheit og mangel på interesse for statleg styre.

Mellom den tredje og femte dagen etter at han kom på trona gav han ei stort tal evnukkar ei rekkje gåver og godtgjeringar, som offisielle uniformer, farga silketøy og andre skattar.[1] Han brukte mykje tid på polo, festar, turneringar og spel, og til musikk - med overdådige gåver til musikarane.[1] Han kom ofte særs seint til keisarlege møte, og lét demed embetsmennene sine venta på han i timevis. Då rådgjevarane Li Bo (李渤) og Liu Qichu (劉栖楚) oppfordra han til å endra på dette, lønte han de rikt og forfremja seinare Liu, sjølv om det er uklart om han tok til seg råda.[1]

Då Yuchi Rui (尉遲銳), prefekten av Long (龍州, i det moderne Mianyang i Sichuan) målbar i ein petisjon at fjellet Niuxin (牛心山) på mystisk vis var viktig for det himmelske mandatet til Tang-dynastet, og at strukturen til fjellet burde reparerast, gjekk Jingzong med på dette: Han sende titusentals menn for å arbeida på ombygginga, som var både vanskeleg og farleg. Det blei at sagt at kretsen Dongchuan (東川, som Long var del av) blei tappa for kreftene sine.[1]

Evnukkane dominerte både hans og lillebroren hans Wenzong sitt styre. Jingzong hadde inga interesse for politikk og var meir oppteken av fornøying og eit liv i overflod, medan evnukkar som Wang Shoucheng og embetsmenn som Li Fengji hadde den reelle makta i riket.

Død og etterfylgjar[endre | endre wikiteksten]

Keisar Jingzong skal ha mora seg med evnukkar, polospelarar og sterke menn som han kunne brya armbak med. Han kunne gje dei store gåver, men også impulsivt mishandla dei, konfiskera eigedelane deira eller senda dei i eksil om han blei sint på dei. Desse hoffdeltakarane skal etterkvart ha byrja å frykta og mislika han. 9. januar 827[2] var Jingzong ute på jakt. Etterpå vende han tilbake til palasset der han drakk saman med 28 personar, mellom anna evnukkane Liu Keming (劉克明), Tian Wucheng (田務澄) og Xu Wenduan (許文端) og polospelarane Su Zuoming (蘇佐明), Wang Jiaxian (王嘉憲), Shi Congkuan (石從寬) og Yan Weizhi (閻惟直). På eit tidspunkt reiste han seg for å gå på do, og nett då blei lysa plutseleg sløkte. Su og kollegaene hans nytta dette høvet til å drepa han. Etter drapet sende Liu bod etter den keisarlege lærde Lu Sui for å skriva eit testamente for keisar Jingzong som utnemnde den yngre broren til keisar Muzong, Li Wu som var prins av Jiàng, på trona.[1]

Neste morgon blei testamentet lese opp, og Li Wu, som ikkje var blitt krona endå, tok imot embetsfolk som om han allereie var keisar. Liu planla å eliminera dei mektigaste evnukkane. I respons samla leiarane for palassmeldingar, Wang Shoucheng og Yang Chenghe (楊承和), og leiarane for Shence-hæren Wei Congjian (魏從簡) og Liang Shouqian (梁守謙) saman Shence-hæren og Flygande drake-soldatane (飛龍兵) for å gå til åtak på Liu si gruppe og eskortera den yngre broren til keisar Jingzong, Li Han som var prins av Jiāng (merk annleis tone) til palasset. Shence-hæren og Flygande drake-soldatane gjekk til åtak på Liu si gruppe og drap dei fleste i henne, mellom dei Li Wu. Liu prøvde å ta livet sitt ved å hoppa i ein brunn, men blei henta ut og avretta. Etter råd frå Wei Chuhou erklærte Wang offentleg kva som hadde hend, og fekk keisarmora Guo til å utropa Li Han til ny keisar. Li Han blei krona som keisar Wenzong.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Zizhi Tongjian, vol. 243.
  2. Academia Sinica Chinese-Western Calendar Converter Arkivert May 22, 2010, ved Wayback Machine.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Herbert A. Giles: A Chinese biographical dictionary. London 1898