Jieh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jiyyeh)
Jieh
الجية
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Chouf distrikt
Høgd moh.
Koordinatar 33°39′56.51″N 35°25′36.46″E / 33.6656972°N 35.4267944°E / 33.6656972; 35.4267944
Borgarmeister Georges Nader El-Azzi
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Jieh
33°39′57″N 35°25′36″E / 33.665697222222°N 35.426794444444°E / 33.665697222222; 35.426794444444
Wikimedia Commons: Jieh

Jieh (eller Jiyé, Jiyeh, arabisk الجية) er ein kystby i Libanon med eit estimert folketal på 5000. Han ligg 23 km sør for Beirut i Chouf distrikt, 20 minuttar unna langs motorvegen mellom Beirut og Sidon. I fønikisk tid vart han kalla Porphyreon og var ei naturleg hamn, som framleis er i bruk i dag. Byen er òg kjend for den sju kilometer lange sandstranda, noko som er sjeldan å sjå på den klippete kysten til Libanon.

Den hebraiske profeten Jonah skal ha kome i land her, då han vart spytta ut av ein enorm fisk, slik det vart skildra i Gamletestamentet, og det vart bygd eit tempel som framleis står i dag.[1] Mange invasjonsstyrkar passerte gjennom Porphyreon som egyptaren Tohomtmos, som sette soldatane sine i land her for å kjempe vidare mot nord. Aleksander den store tok seg ein kvil ved kysten her, etter åtaket på Tyr. St. Peter og apostelen Paulus vandra òg gjennom Jieh fleire gonger.[2]

I moderne tid vart Jieh hardt råka av den libanesiske borgarkrigen som varte frå 1975 til 1990. Som ein kystby var han sårbar for mange raid frå PLO i området, i tillegg til den israelske invasjonen i 1980-åra. Jieh er bygd opp att, men det går seinare her enn i hovudstaden Beirut.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Byen har fleire arkeologiske ruinar, somme gravlagde under moderne bygningar, medan andre ventar på å bli grave fram. Ein har funne mosaikk som syner soga om profeten Jonah og fisken i Gamletestamentet i kyrkjer.[3] Døme på desse er den store golvmosaikken frå bysantinsk tid, som var så store at ein trengde lastebilar for å frakte dei til eit museum.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Det store turistmålet i Jieh er den 7 km lange sandstranda. Han ligg nær Beirut og vatnet er reint nok til at ein kan symje her. Fleire privateigde feriestader ligg langs stranda, og tar i mot mange turistar. Ein del av stranda er berre for kvinner.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ^ Azzi, A., Jieh Through history Atallah Family Website Arkivert 2005-08-29 ved Wayback Machine.
  2. ^ The story of the Prophet Jonah and the giant fish
  3. ^ Pictures of Byzantine church excavations, Dec 2004
  4. ^ Bamboo Bay Jieh, 360° Panoramic View