Jizan-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jazan
جازان
Region
Land  Saudi-Arabia
Del av Regionar i Saudi-Arabia
Koordinatar 17°30′N 42°30′E / 17.500°N 42.500°E / 17.500; 42.500
Hovudstad Jazan
Areal 11 671 km²
Folketal 1 365 110  (2010)
Folketettleik 116,97 / km²
Leiar prins Muhammed bin Nasr
Postnummer 09
Kart
Jizan-regionen
17°30′N 42°30′E / 17.5°N 42.5°E / 17.5; 42.5
Wikimedia Commons: Jazan Province

Jizan- eller Jazan-regionen (arabisk جازان, Jāzān) er den nest minste regionen i Saudi-Arabia. Han strekkjer seg kring 300 km langs sørkysten av Raudehavet, like nord for Jemen. Han dekkjer eit område i 11 671 km² og eit folketal på 1 365 110 i 2010. Hovudbyen er byen Jazan.

Regionen omfattar over 100 øyar i Raudehavet. Jazan er det fattigaste området i Saudi-Arabia, og 34 % av dei saudiarabiske familiane i Jazan lever i fattigdom.[1] Farasanøyane, det første verneområdet i Saudi-Arabia, er heimstad for den utryddingstruga arabiske gasellen og om vinteren mange trekkfuglar frå Europa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i tre område.

  • Det indre fjellområdet Al-Sarawat, som stig til kring 3000 meter over havet.
  • Skogområdet Alhazoun består av skogar og frodige marker.
  • Slettene som er kjende for produksjon av kaffibønner, kornavlingar og frukt.

Sjølv om klimaet i høglandet liknar det relativt våtare klimaet i 'Asir, vert kystområda i Jazan-provinsen rekna som ein del av Tihamah, og er truleg det varmaste området i landet, med ein normal maksimumstemperatur som varierer frå 40 °C i juli til 31 °C i januar. Høg råme frå kystlagunane gjer at klimaet er enno meir ubehageleg. Det kjem særs lite nedbør her, mindre enn 75 mm i året. Sabya ligg i midten av regionen, mellom fjella og kysten.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Regionen er vidare delt inn i 14 guvernement som følgjer:

Guvernement i Jazan
Namn Arabisk namn Folketeljing

15. september 2004

Folketeljing

20. oktober 2015

Abu Arish ريش  123 943 197 112
Alddair الدائر 49 239 59 494
Alddarb الدرب 52 062 69 134
Ahad Almasarihah أحد المسارحة 70 038 110 710
Alaridah العارضة 62 841 76 705
Alaydabi العيدابي 52 515 60 799
Alharth الحرث 47 073 18 586
Alraith الريث 13 406 18 961
Baish بيش 58 269 77 442
Damad ضمد 62 366 71 601
Farasan فرسان 13 962 17 999
Jazan جازان 255 340 157 536
Sabya صبياء 198 086 228 375
Samtah صامطة 128 447 201 656
Total provins جازان 1 187 587 1 365 110

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Poverty in the Kingdom of Gold». Henta 24. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jizan-regionen