Joël Gaspoz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joël Gaspoz


Statsborgarskap Sveits
Fødd 25. september 1962 (61 år)
Troistorrents
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988

Joël Gaspoz (fødd 25. september 1962) frå Morgins i Troistorrents er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Mellom desember 1981 og januar 1987 vann han seks storslalåm- og eitt slalåmrenn i Verdscupen i alpine greiner. Han vann storslalåmcupen i 1986. Samanlagt vart han i sin beste sesong i verdscupen, 1987, nummer fire, bakom verdseinaren Pirmin Zurbriggen, Marc Girardelli og Markus Wasmeier.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gaspoz debuterte i verdscupen i alpint i byrjinga av desember 1979 i Val-d'Isère. Han kom då på 13. plass i det som vart spesialgreina hans, storslalåm. Seks veker seinare, 21. januar 1980, kom han på tredjeplassen i same greina i eit renn i Adelboden, men var langt bak svensken Ingemar Stenmark som vann, og sin eigen landsmann Jacques Lüthy. Fire veker etterpå kom Gaspoz på sjuandeplassen i storslalåm under vinter-OL 1980 i Lake Placid. På tampen av gjennombrotssesongen kom han to gongar på pallplass. 1981-sesongen kom han to gongar på pallen i verdscupen, ein andreplass i Morzine tidleg i januar og ein tredjeplass i Laax i slutten av mars.

VM-sesongen 1982 innleia Gaspoz med å vinne sitt første verdscuprenn i Aprica i Italia. Under verdsmeisterskapen i Schladming kom han på fjerdeplass i storslalåm og femteplass i slalåm. I storslalåmtevlinga var han sju hundredels sekund bakom bronsevinnaren Boris Strel frå Jugoslavia. Ved sesongavslutninga tok han sin første pallplass i slalåm då han vart nummer tre i franske Montgenevre. 1983-sesongen var ein stor nedtur, han klarte ikkje å kome inn mellom dei ti beste i noko verdscuprenn. Han heldt eit noko høgre nivå i OL-sesongen 1984, utan å kunne klive opp på pallen i verdscupen. I OL-storslalåmen i Sarajevo kom han på tiandeplass. Heller ikkje i 1985 klarte han å kome på pallplass i verdscupen, som året før var femteplass hans beste resultat.

20.desember 1985 gjekk Gaspoz til topps att i eit renn verdscupen. Storslalåmrennet i Kranjska Gora enda med at han tok sin andre verdscupsiger i storslalåm, og to veker seinare gjentok han bedrifta i dei same løypene. Føre jula vann han føre Roberto Erlacher frå Italia, etter nyår var det Hubert Strolz frå Austerrike som var nærast bak Gaspoz.

Sesongen 1986/87 gjorde Gaspoz mange gode tevlingar i verdscupen, mellom anna vann han renn i både storslalåm og slalåm. Han lukkast ikkje i VM i alpint i Crans-Montana i heimlandet, ein delt sjuandeplass i slalåm var det einaste han oppnådde. OL-sesongen 1988 innleia han med to tredjeplassar i storslalåm i verdscupen, under sjølve vinter-OL 1988 i Calgary kom han på tiandeplass i yndlingsgreina storslalåm.

Gaspoz la opp i 1989, etter ein svak sistesesong. Gjennom ti sesongar i verdscupen i alpint stod han att med 20 pallplasseringar (7-5-8).

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
8. desember 1981 Aprica Italia Storslalåm
20. desember 1985 Kranjska Gora Jugoslavia Storslalåm
3. januar 1986 Kranjska Gora Jugoslavia Storslalåm
19. mars 1986 Lake Placid USA Storslalåm
15. desember 1986 Alta Badia Italia Storslalåm
19. desember 1986 Kranjska Gora Jugoslavia Storslalåm
18. januar 1987 Wengen Sveits Slalåm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]