Jo Nesbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jo Nesbø

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mars 1960 (63 år)
Oslo
Yrke romanforfattar, skribent, journalist, barnebokforfattar, fotballspelar, songar, musikar, manusforfattar, samfunnsøkonom, velgjerar
Språk norsk
Sjanger detektivforteljing
Medlem av Di Derre
Jo Nesbø på Commons
Jo Nesbø i 2007.

Jo Nesbø (fødd 29. mars 1960) er ein norsk musikar og forfattar.

Jo Nesbø er fødd i Oslo, men voks opp i Molde. Han er utdanna siviløkonom og finansanalytikar frå Norges Handelshøyskole, og har arbeidd både som meklar og journalist i tillegg til å vera vokalist og songskrivar i rockegruppa Di Derre.

Nesbø var med då Molde Fotballklubb vann junior-NM i fotball i 1978. Han hadde og nokre kampar på A-laget til Molde for skade gjorde at han måtte slutte som fotballspelar.

I 1997 debuterte Nesbø som forfattar med boka Flaggermusmannen. Inspirert av ungdomsåra i Molde, der han gjekk på «Gymnaset», skreiv Nesbø manus og musikk til musikalen 90-metersbakken, som vart sett opp i Molde og turnerte i Møre og Romsdal fylke i 2004. Stykket vart òg sett opp ved Trøndelag Teater.

Plater[endre | endre wikiteksten]

  • Den derre – Di Derre (1993)
  • Jenter & sånn – Di Derre (1994) Opphavleg utgjeven som Kvinner & Klær - 11 sanger om kvinner og èn om jakka mi
  • Gym – Di Derre (1996)
  • Slå meg på – Di Derre (1998)
  • Karusellmusikk – solo (2001)
  • di beste med di derre – Di Derre (2006)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Flaggermusmannenkriminalroman (1997)
  • Kakerlakkene – kriminalroman (1998)
  • Stemmer fra Balkan/Atten dager i mai (med Espen Søbye) – dokumentar (1999)
  • Rødstrupe – kriminalroman (2000)
  • Karusellmusikknoveller (2001)
  • Sorgenfri – kriminalroman (2002)
  • Marekors – kriminalroman (2003)
  • Frelseren – kriminalroman (2005)
  • Snømannen – kriminalroman (2007)
  • Doktor Proktors prompepulver - Barnebok (2007)
  • Hodejegerne – kriminalroman (2008)
  • Doktor Proktors tidsbadekar Barnebok (2008)
  • Panserhjerte – kriminalroman (2009)
  • Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje - Barnebok (2010)
  • Gjenferd - Kriminalroman (2011)
  • Doktor Proktor og det store gullrøveriet - Barnebok (2012)
  • Politi - Kriminalroman (2013)
  • Sønnen - Kriminalroman (2014)
  • Blod på snø - Kriminalroman (2015)
  • Mere blod - Kriminalroman (2015)
  • Kan Doktor Proktor redde jula? - Barnebok (2016)
  • Tørst - Kriminalroman (2017)
  • Macbeth - Kriminalroman (2018)
  • Kniv - Kriminalroman (2019)
  • Kongeriket - Kriminalroman (2020)
  • Sjalusimannen og andre fortellinger - Kriminalroman (2021)
  • Rotteøya og andre fortellinger - Kriminalroman (2021)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]