Jo Tenfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jo Tenfjord

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1918
Oslo
Død

12. juni 2007 (88 år)
Bærum kommune

Yrke lingvist, bibliotekar, skribent, omsetjar, barnebokforfattar

Johanne Marie Giæver Tenfjord (13. august 191812. juni 2007) var ein norsk bibliotekar, forfattar, omsetjar, forleggar og kulturarbeidar. Ho vart kjent for formidlinga si av eventyr og myter. Desse femner både eigendikta, atterdikta og forteljingar bygd på myter.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Tenfjord har sjølv sagt at oppveksten hennar i Oslo Ladegård var som å vekse opp i eit spøkjelseshus, der dei hadde eit spøkjelse som dei dagleg måtte halde seg til. I oppveksten var ho omgjeven av fleire gamle menneske som hadde mange gode historier og eventyr å fortelja. Familien hennar kjem frå Olderdalen i Troms, og i historia Tre trylleord (1976) er handlinga lagt til Troms.

Tenfjord arbeidde i perioden 1940–47 som bibliotekar ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Seinare studerte ho barnelitteratur, og underviste i emnet ved Statens bibliotekhøgskole og som førelesar ved ulike lærarhøgskular. Ho arbeidde også som redaktør i Bokklubbens Barn.

Tenfjord var ein av dei forfattarane som var med på å endre innhaldet i barnebøkene etter 2. verdskrig, der ho i Venner verden over (1949) skriv for å fremja internasjonal forståing. Inspirasjon til boka fekk ho etter i 1948 å ha fått eit UNESCO-stipend til deltaking ved eit internasjonalt seminar i USA om formidling av FNs oppbygging og målsetjing.

Hannebo Holm og Guri Gla[endre | endre wikiteksten]

Tenfjord debuterte litterært i 1941 under pseudonymet Guri Gla med boka Valsesommer. Ho gav også ut boka Hannemor vil ikke gifte seg under same psevdonym (1942). I 1956 gav ho ut boka Skjønnhetsdronning under pseudonymet Hannebo Holm.

Boka Skjønnhetsdronning fekk Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur (3. pris) i 1956.

Verv[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Eigne verk
  • 1941: Valsesommer (som Guri Gla)
  • 1942: Hannemor vil ikke gifte seg (som Guri Gla)
  • 1947: Barn og lesning
  • 1949: Venner verden over
  • 1954: Jens krysser himmelrommet (saman med Gunnar Oxaal)
  • 1956: Skjønnhetsdronning (som Hannebo Holm)
  • 1959: I arbeid for Norges hjem
  • 1968: Olav's Potato Field
  • 1971: Regnbuebroen og andre fortellinger
  • 1973: Jørgen fra Helgeland
  • 1974: På spor etter spor
  • 1976: Tre trylleord
  • 1977: Reisen gjennom våren
  • 1979: Tre trudelutter
  • 1982: Hvor er dokka?
  • 1986: Påskemåne, ønskesol
  • 1987: Sistemann støtt
  • 1988: Den store gåten
  • 1992: Tulipanens hemmelighet
  • 1994: Sally Sjørøverdatter
  • 1997: Fra bøkenes verden (barnelitteraturhistoriske biografiar)
Som redaktør, omsetjar
  • 1959: Eventyr og sagn, L. Bechstein
  • 1963-1965: Barndomslandet
  • 1968: Tam-tam-trommelom og andre afrikanske eventyr
  • 1971: Ønsketreet
  • 1979: Ro, ro til regleland
  • 1986: Norge rundt med eventyr
  • 1989: Den store dikt- og regleboka
  • 1990: Den Store eventyrboka
  • 1992: Julenisseboka
  • 1995: Asbjørnsen og Moe
  • 1996: Barnas skattkiste
  • 1996: Den store fest- og høytidsboka
  • 1997: Baron von Münchhausen
  • 1997: Hundre års barndom
Omsetjingar
  • 1948: Mesterdetektiven Blomkvist, Astrid Lindgren
  • 1952: Ingen steder som Bakkebygrenda, Astrid Lindgren
  • 1956: Anne drar fra Bjørkely, L. M. Montgomery
  • 1957: Annes drømmehjem, L. M. Montgomery
  • 1958: Barna fra Bråkmakergata, Astrid Lindgren | 1964: Lotta fra Bråkmakergata
  • 1958: Anne og regnbuedalen, L. M. Montgomery
  • 1961: Jul i stallen, Astrid Lindgren
  • 1962: Emily på månegården, L. M. Montgomery (med 2 påfølgjande bøker i seriene i 1963 og 1964)
  • 1964: Jul i Bakkebygrenda, Astrid Lindgren
  • 1972: Anne og Marilla L. M. Montgomery
  • 1974: En bjørn ved navn Paddington, Michael Bond (med 5 påfølgjande bøker i serien i åra etter)
  • 1983: Robin Hood, Rosemary Sutcliff
  • 1990: Ramperim og ville vers, Roald Dahl
  • 1992: Barna fra Bråkmakergata, Astrid Lindgren
  • 2000: Pippi Langstrømpe i Humlegården, Astrid Lindgren
Bøker av Tenfjord på engelsk og tysk
  • Beauty queen, Abelard Schuman
  • A husband for Hannah, Abelard Schuman
  • Olav's potato field, Silver Burdett & Co
  • Sally und das Geheimnis der Schatzinsel, (Hamburg, 1996)
Om henne
  • Jo Tenfjord. Barndom i Oslo ladegård (Gamlebyen historielag, 2003) (hefte)
  • Jo Tenfjord. «Mitt liv med barnebøker» I: Forfatteren, nr 4, 2003
  • Barnebokas veier : festskrift til Jo Giæver Tenfjord på 70-årsdagen 13. august 1988, redigert av Karin Beate Vold og Tordis Ørjasæter (Eide forlag, 1988)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]