Joachim Gotsche Giæver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joachim Gotsche Giæver

Fødd15. august 1856
Lyngen kommune
Død29. mai 1925
Chicago
NasjonalitetNoreg, USA
Yrkearkitekt, sivilingeniør
Alma materTrondhjems Tekniske Læreanstalt

Joachim Gotsche Giæver (15. august 185629. mai 1925) var ein norsk-amerikansk bygningsingeniør, som er kjend for å ha bygd fleire skyskraparar og bruer i Dei amerikanske sambandsstatane.[1] Han var mellom anna ansvarleg for å reisa den berande konstruksjonen til Fridomsgudinna i New York. Han vart fødd i bygda Jøvik i Troms, og studerte i Trondheim.[1]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Giæver utvandre til USA i 1882, der han blei teknisk teiknar (draftsman) ved jernbaneselskapet Northern Pacific i St. Paul i Minnesota. Eit år seinare flytta han til Pittsburgh i Pennsylvania, der han blei tilsett ved Schiffer Bridge Company. I 1884 blei han overingeniør (chief engineer) ved føretaket.[2]

I 1891 var Giæver teknisk nestleiar ved World's Columbian Exposition i Chicago. Han stod mellom anna bak hovudbygningen ved utstillinga, The Manufactures and Liberal Arts Building.[1] Han var med på å utvikla H-bjelken, ein viktig del av moderne konstruksjon.[1]

Frå 1898 til 1915 var han sjefsingeniør for D. H. Burnham & Company i Chicago.[3][4] I 1916 gjekk han saman med Frederick P. Dinkelberg i firmaet Giaver and Dinkelberg, som mellom anna teikna bygningen 35 East Wacker Drive, «Jewelers building», den største bygningen i Amerika som ikkje sto i New York.[5]

Giæver konstruerte også kuppelen til Hooker-teleskopet i California, det største teleskopet i verda til då.[1]

I 1922 blei han gjeven St. Olavs Orden av kong Haakon.[1]

Byggverk knytte til Giæver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 O.K. Årdal, «Noregs ukjente skyskraparkonge», nrk.no, 18. desember 2022.
  2. Andersen, Håkon With (29. juni 2022). «Joachim Giæver». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  3. Meyer, Michael Holmboe : «Norwegian-American Engineer saved Statue of Liberty», The International Forum for Culture and Literature for Peace Arkivert 2015-03-04 ved Wayback Machine.
  4. Berglund, Nina (28. november 2011): «Norway’s own link to Lady Liberty», Newsinenglish.no
  5. 35 East Wacker Drive (Chicago Architecture Info)