Joachim Winsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joachim Winsnes
Fødd17. november 1764
Stange kommune
Død29. januar 1815 (50 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeembetsmann, politikar
Alle verv

Joachim Frederik Winsnes (17. november 176429. januar 1815) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Winsnes var fødd i Stange i Hedmark, der faren hans var sokneprest. Han vart cand. jur. i 1787 og arbeidde som kopist i finanskollegiet sitt sekretariat i København. Frå 1794 var han byfut og byskrivar på Bragernes i Drammen. I 1800 vart han i tillegg med i magistraten.

Han var vald til Stortinget 1815-16 som 2. representant for Drammen. Men han døydde på Bragernes kort etter tinget var opna.

Winsnes var farbror til Paul Winsnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914