Joachim de Knagenhielm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joachim de Knagenhielm

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mai 1727
Kaupanger
Død

16. februar 1796 (68 år)
Bodøgaard

Yrke jurist, funksjonær
Verv Amtmann i Sogn og Fjordane
Periode 1763-1771
Etterfylgjar Magnus Theiste
Verv Amtmann i Nordlands amt
Periode 1771-1789
Føregangar Peter Holm
Etterfylgjar Christian Torberg Hegge

Joachim de Knagenhielm (fødd 1727 på Kaupanger, død 1796 i Bodø) var den første amtmannen i Nordre Bergenhus amt, som var namnet på Sogn og Fjordane fylke frå 1763 til 1919.

Utdanning og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Joachim de Knagenhielm tok juridisk embetseksamen i København i 1757. Deretter vart han sekretær for ein kommisjon som skulle regulera grensa mot Sverige. Kring 1760 vart han fullmektig hjå stiftamtmannen i Bergenhus.[1] Bergenhus stiftamtmann var eit amt som frå 1662 dekte det tidlegare Bergenhus hovedlen, som tilsvarar fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre i dag.[2]

Nordre Bergenhus amt[endre | endre wikiteksten]

Knagenhielm tok sjølv initiativ til å stifte Nordre Bergenhus amt. Han jobba som som fullmektig hjå stiftamtmann i Bergen, Ulrik Fredrik Cicignon, og den aldrande stiftsamtmannen var glad for at Knagenhielm kunne avlaste han. Knagenhielm søkte i 1762 kongen om å få verte fut for den delen av stiftsamtet som galdt den statlege forvaltninga, medan gamlefuten kunne sitje att med det som var knytt til kyrkja. Knagenhielm fekk avslag, men søkte på nytt om å få skilt ut nordre del av amtet som eige amt.[3] I ein alder av 36 år vart han amtmann og busette seg på slektsgodset i Kaupanger. Knagenhjelm sat i dette embetet i åtte år. I 1762/63 hadde han kome i vanskar i samband med inndrivinga av den såkalla ekstraskatten, noko som gjorde at han i 1771 vart forflytta til Bodø. Her vart han seinare utnemnd til fylkesmann i Nordland der han vart verande fram til sin død i 1796.[4]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Kaupanger, med Kaupanger Hovedgård midt i biletet.

Joachim de Knagenhielm var nest eldste son i ein søskenflokk på 12. Familien Knag tok i 1721 over Kaupanger Hovedgård,[5] same året fekk familien tillagt adelsnamnet –hjelm. I 1763 var det søstera, enkefru Wenche von der Lippe Knagenhjelm, som styrte godset etter at mannen kaptein Niels Peterson Sunde var død i 1754. I dei åra broren sat som amtmann, var det ho som dreiv godset ved hjelp av ein forvaltar.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Kulturhistorisk Leksikon: Sogn og Fjordane fylke - oppretta i 1763
  2. Bergenhus stiftamt frå Lokalhistoriewiki
  3. NRK Fylkesleksikon Joachim de Knagenhielm
  4. Timberlid, Jan Anders, Kaupanger Hovedgård anno 1763 www.sfj250.no[daud lenkje]
  5. NRK Fylkesleksikon Kaupanger Hovedgård
  6. Timberlid, Jan Anders, Kaupanger Hovedgård anno 1763 www.sfj250.no[daud lenkje]