Joan Baez av Joan Baez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joan Baez
Studioalbum av Joan Baez
Utgjeve Oktober 1960
Innspelt Manhattan Towers Hotel Ballroom, New York City, July 1960
Sjanger Viser
Lengd 46:02
Selskap Vanguard
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi
Folksingers 'Round Harvard Square
(1959)
Joan Baez Joan Baez, Vol. 2
(1961)


Joan Baez er debutalbumet til visesongaren Joan Baez. Albumet vart spelt inn sommaren 1960 og kom ut same året. Den originale utgjevinga bestod av 13 tradisjonelle viser. Seinare utgåver inkluderte tre bonusspor.[1][2]

I 2015 vart albumet utvalt til å innførast i Det nasjonale innspelingsregisteret til Library of Congress som bevarer musikk som vert rekna for særskild viktig for det amerikanske samfunnet..[3][4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Baez steig fram under den amerikanske folkemusikk-gjenreisinga seint i 1950-åra, og gjorde seg særleg kjend på den første Newport Folk Festival i juli 1959. Fleire folk prøvde å få kontrakt med ho etter konserten hennar på musikkfestivalen, inkludert Columbia, men ho valte i staden å gå for eit lite, sjølvstendig selskap, Vanguard.[5] Baez spelte inn albumet for selskapet sommaren 1960, då ho var nitten år gammal.[6]

Dei fleste av songane bestod berre av Baez på vokal og gitar, medan ein ekstra gitar (spelt av Fred Hellerman frå The Weavers) vart lagt til på somme songar. Trass i at det ikkje vart nytta strykarar, blåsarar, korsongarar og i tillegg mangla hitsinglar, selde albumet til gullplate. Det gjekk ikkje inn på Billboard 200 før i 1962, etter suksessen til det andre albumet hennar, Joan Baez, Vol. 2. Joan Baez nådde 15. plassen på albumlista og låg 140 veker inne på lista.

I 1983 skildra Baez innspelinga av albumet til Kurt Loder i Rolling Stone[7]:

« Det tok fire kveldar. Me var i ein slags stor ballsal som lukta vondt på eit hotell på Broadway, langt opp elva. Me kunne ikkje vere der på onsdagskveldar, for då var det bingo der. Eg stod der på dette skitne, gamle teppet med to mikrofonar, ein for stemma mi og ein for gitaren. Eg gjorde berre settet mitt. Det var truleg alt eg kunne då. Berre la dei ned. Eg gjorde «Mary Hamilton» ein gong. Det var det. Det var slik me gjorde det i gamle dagar. Så lenge ein hund ikkje sprang gjennom rommet eller noko slikt, så hadde du det. »

I 2001 gav Vanguard ut att Joan Baez med ny tekst i plateomslaget og tre bonusspor som ikkje var gjevne ut før.[6]

I 2014 gav Waxtime Records ut Joan Baez med ny tekst i plateomslaget og berre to bonussppor frå tidlegare Baez-innspelingar som opphavleg kom ut på samleplata Folksingers' Round Harvard Square i 1959.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]

I meldinga si for Allmusic gav Bruce Eder albumet fem av fem stjerner og skreiv at den klåre lyden var merkbar på den tida. Han skreiv at ««Baez gjev ein fin oversikt over dei mest reservert og minst konfronterande aspekta av vise-gjenoppreisinga, og presenterer ei rekkje tradisjonelle songar (særskild «East Virginia» og «Mary Hamilton») med eit driv og ein oppriktigheit som gjer at lyttaren kjenner seg som om dei vart sungen for første gongen.»[8]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Albumet er inkludert i boka til Robert Dimery, 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[9]

I 2015 vart albumet rekna som «kulturelt, historisk eller estetisk viktig» av Library of Congress og valt ut for National Recording Registry.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Silver Dagger»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 2:32
2. «East Virginia»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 3:44
3. «Fare Thee Well (10,000 Miles)»  Tradisjonell, arr. David Gude 3:22
4. «House of the Rising Sun»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 2:56
5. «All My Trials»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 4:41
6. «Wildwood Flower»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 2:37
7. «Donna Donna»  Sholom Secunda, Aaron Zeitlin, Arthur Kevess, Teddi Schwartz 3:15
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «John Riley»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 3:54
9. «Rake and Rambling Boy»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 1:59
10. «Little Moses»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 3:31
11. «Mary Hamilton»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 5:58
12. «Henry Martin»  Tradisjonell, arr. Joan Baez 4:15
13. «El Preso Número Nueve»  Roberto Cantoral 2:48
Bonusspor
# Tittel Lengd
14. «Girl of Constant Sorrow»   1:46
15. «I Know You Rider»   3:46
16. «John Riley» (extended version) 4:23

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Tyske album (Media Control)[10] 38
Britiske album (OCC)[11] 9
US Billboard 200[12] 15

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[13] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[14] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. James E. Perone (17. oktober 2012). The Album: A Guide to Pop Music's Most Provocative, Influential, and Important Creations. Praeger. ISBN 978-0313379062. 
  2. Jerome Rodnitzky (2013). «Chapter 3 - Joan Baez: The Classic 1960-åra Folk Heroine». I George Plasketes. Please Allow Me to Introduce Myself: Essays on Debut Albums. Ashgate. ISBN 978-1409441762. 
  3. 3,0 3,1 «New Entries to National Recording Registry | News Releases - Library of Congress». Loc.gov. Henta 2015-10-13. 
  4. Randy Lewis (25. mars 2015). «Library of Congress welcomes recordings by the Doors, Righteous Brothers». The Los Angeles Times. 
  5. Jaeger, Markus (2010). Popular Is Not Enough: The Political Voice Of Joan Baez: A Case Study in the Biographical Method. Ibidem Press. s. 77–78. ISBN 9783838261065. 
  6. 6,0 6,1 Tom Moon (4. august 2008). 1,000 Recordings to Hear Before You Die. Workman Publishing Company. s. 39. ISBN 978-0761139638. 
  7. Loder, Kurt (14. april 1983). «Joan Baez: The Rolling Stone Interview». Rolling Stone. 
  8. 8,0 8,1 Eder, Bruce. «Joan Baez > Review». Allmusic. Henta 13. oktober 2018. 
  9. ^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.
  10. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control.
  11. "Joan Baez | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  12. "Joan Baez Album & Song Chart History" Billboard 200 for Joan Baez. Prometheus Global Media.
  13. «British album salstrofé – Joan Baez – Joan Baez». British Phonographic Industry.  Enter Joan Baez in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  14. «American album salstrofé – Joan Baez – Joan Baez». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH