Joanne av Michael Nesmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joanne
Singel av Michael Nesmith
frå albumet Magnetic South
Utgjeve 1970
Innspelt 20. februar 1970
Sjanger Countryrock
Lengd 3:10
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Michael Nesmith
Produsent Felton Jarvis

«Joanne» er ein song skriven og framført av Michael Nesmith. Det var den einaste hitten hans som soloartist. Singelen vart gjeven ut på RCA Records i 1970, henta frå albumet Magnetic South, det første albumet gjeve ut av Nesmith og The First National Band etter at han slutta i The Monkees. I USA nådde songen 21. plassen på Billboard Top 100 den 3. oktober 1970. Songen nådde fjerdeplassen på singellista i Canada og tredjeplassen i Australia, [1] og heilt til topps på singellista i New Zealand. I USA vart dette den mest suksessrike solohitten av eit tidlegare medlem i The Monkees.

«Joanne» var den andre singelen frå Magnetic South, etter «Little Red Rider» (som ikkje gjekk inn på lista). B-sida til «Joanne» var songen «One Rose».

Songen vart ofte spelt på konsertane til Nesmith og finst på alle dei tre konsertalbuma hans: Live At The Palais, Live at the Britt Festival og Movies of the Mind.

Songen vart òg spelt inn av smørsongaren Andy Williams i 1970 for albumet The Andy Williams Show.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Australia KMR[1] 3
Canada Top Singles (RPM)[2] 4
US Billboard Hot 100[3] 21
US Billboard Adult Contemporary[4] 6
US Cash Box Top 100[5] 17
US Record World 13

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Australia [6] 35
Canada [7] 63

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (doc). Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  2. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  3. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  4. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 173. 
  5. «Cash Box Top 100 Singles, 10. oktober 1970». Arkivert frå originalen 8. juni 2015. Henta 18. november 2017. 
  6. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 2. juni 2016. Henta 28. oktober 2020. 
  7. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. 17. juli 2013.