Job Ndugai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Job Ndugai
Job Ndugai, December 2017 (5122) (cropped1).jpg
Fødd21. januar 1960 (61 år)
Tanganyikaterritoriet
Statsborgar avTanzania
PartiCCM
Yrkepolitikar
Utdanna vedCollege of African Wildlife Management
Universitetet i Dar-es-Salaam
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
VervPresident i Nasjonalforsamlinga i Tanzania 17. november 2015-
FøregangarAnne Makinda

Job Yustino Ndugai (fødd 21. januar 1960) er ein politikar frå Tanzania som høyrer til Chama Cha Mapinduzi ('Revolusjonspartiet'). Han har vore parlamentspresident i Nasjonalforsamlinga i Tanzania sidan 2015. Frå 2010 til 2015 var han viseparlamentspresident. Ndugai blei vald inn i nasjonalforsamlinga i 2000.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ndugar fekk den grunnleggjande utdanninga si ved Matare Primary School, Kibaha Secondary School og Old Moshi High School. Han studerte ved College of African Wildlife Management i Mweka (1986-1988), ved ved Universitet i Dar es Salaam (1989-1993), der han tok ein bachelorgrad, ved Noregs landbrukshøgskule på Ås (1994-1996) der han tok mastergrad, og ved Eastern and Southern African Management Institute (2005-2008), der han også tok ein mastergrad.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ndugai var leiar for Selous Game Reserve frå 1993 til 1994 og direktør for WesternSerengeti Project frå 1996 til 1998. Han var forskar ved Tanzania Wildlife Research Institute (TAWIRI/MNRT) frå 1998 til 2000.[1]

Job Ndugai blei vald inn som parlamentsmedlem for Kongwa-distriktet i 2000. Han blei utropt til det mest aktive parlamentsmeldemmet i det 9. parlamentet.[2]

Ndugai var viseparlamentspresident frå 2010 til 2015. Han blei vald til president 17. november 2015, med 254 av 365 røyster.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Profile». Parliament of Tanzania. Henta 7. desember 2016. 
  2. «Ndugai most active MP - Study». Daily News. 19 October 2010. Arkivert frå originalen 2 November 2010. Henta 31 March 2013. 
  3. Faustine Kapama and Masato Masato, "Ndugai lands House Speaker's job", Daily News, 18 November 2015.