Jobriath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jobriath
Fødd14. desember 1946
Philadelphia i Pennsylvania i USA
FødestadPhiladelphia
Død3. august 1983 (36 år)
New York City i New York i USA
DødsstadManhattan
FødenamnBruce Wayne Campbell
OpphavUSA
Aktiv1967 – 1975
SjangerRock, folkemusikk, glamrock
InstrumentPiano, klaverinstrument
Tilknytte artistarPidgeon
PlateselskapElektra Records, Sanctuary Records Group, Universal Records
Verka somMusikar, skodespelar, plateprodusent, arrangør

Jobriath (fødd Bruce Wayne Campbell14. desember 19463. august 1983) var ein amerikansk folk- og glamrockmusikar og skodespelar.[1] Han var ein av dei første popmusikarane i USA som open stod fram som homofil og var ein av dei første profesjonelle musikarane som døydde av AIDS.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bruce Wayne Campell vart fødd på landsbygda i Pennsylvania og levde der med brørne sine og faren etter at mora Marion drog frå dei. Etter eit kort opphald i hæren, drog han til California. Han byrja å referere til seg sjølv som Jobriath, ei samantrekning av Job og Goliath. Pianospelet hans og songstemma hans imponerte produsentane bak Hair og han vart ein del av det kjende Aquarius-ensemblet og spelte rolla som Woof inntil han vart sparka for å ha «drege merksemda vekk frå andre skodespelarar». Han vart deretter med i rockebandet Pidgeon. Coverarbeidet til Pidgeon vart nominert til ein Grammy, men gruppa sitt unisex-image imponerte ikkje platekjøparar. Decca Records droppa dei.

Campbell signerte ein kontrakt med Elektra Records verd 500 000 dollar og vart marknadsført som den største amerikanske glamartisten av manageren sin Jerry Brandt. Ein stor kampanje vart sett i gang, med Jobriaths nakne torso på bussar, musikkmagasin og på store plakatar på Times Square. Den første LP-en hans (Jobriath) vart godt motteke av kritikarar, men var ingen kommersiell suksess. Publikum virka forundra over denne artisten som song om seksuelle tema, framstilte seg sjølv som ein utanomjordisk (ikkje ulik David Bowie, Klaus Nomi og Zolar X), og song i svært ulike stilar og tonelag. Han gjekk ikkje av vegen for å ta opp så pass ulike personar som Jesus og Marlene Dietrich. Jobriath blir sett på som den første popartisten som var openlyst homofil.

Brandt mista interessa for artisten og kansellerte dei mykje omtalte showa deira. Ein LP nr 2, Creatures of the Street vart sloppe, men genererte ikkje stor interesse. Glam var i ferd med å slukne som sjanger og hadde rundt 1974 så godt som forsvunne. Jobriath og banda hans la ut på ein kort amerikansk turne og deretter var det over for showet. Medlemmar av bandet var Jim Gregory, Steve Love, Greg Diamond og Hayden Wayne. I løpet av dei neste tiåra vart Jobriath hugsa som ein av dei dyraste tabbane i platebransjen. Han hadde likevel ein kult som følgde seg, særleg blant britiske popartistar som Morrissey, Marker Stewart frå The Pop Group, Siouxsie Sioux, Neil Tennant frå Pet Shop Boys og Gary Numan.

Jobriath prøvde sjølv å distansere seg frå solokarrieren sin og tok eit nytt namn, Cole Berlin. Han tok òg ein ny kabaret-stil. Resten av livet sitt budde han fast på Chelsea Hotel og spelte i ein lokal restaurant og i selskap. Han hadde ein 10-årskontrakt med Brandt og kunne derfor ikkje spele inn musikk, men arbeidde privat på ein serie musikalar, inkludert den mykje omtalte Popstar. På den tida kontrakten hans gjekk ut var han likevel døyande av AIDS, ein sjukdom som til slutt tok livet hans i august 1983.

Arv[endre | endre wikiteksten]

I november 2004 var Morrissey med på å plukke ut songar til den første relanseringa av Jobriath-songar til ei CD-utgjeving. Morrissey hadde tidlegare prøvt å hyre Jobriath som ekstraartist for Your Arsenal-turneen sin, uvitande om at songaren faktisk var død.

Begge studioalbuma som Jobriath hadde gjeve ut vart til slutt gjeve ut på CD på slutten av 2007. Begge var remastra og vart gjeve ut som mini-vinyl-replikaer.

Filmen Velvet Goldmine er delvis inspirert av livet til Jobriath.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 «Lonely Planet Boy» – Attack / Sanctuary
  • 2014 «As the River Flows» – Eschatone
  • 2015 «Popstar: The Lost Musical» – Factory25

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 «Rubber Bricks» / «Prison Walls» (med Pidgeon) – Decca
  • 1974 «Take Me I'm Yours» / «Earthling» – Elektra
  • 1974 «I'maman» / «Rock of Ages» – Elektra / Barclay
  • 1974 «Liten Up» / «Ooh La La» – Elektra
  • 1974 «Street Corner Love» / «Rock of Ages» – Elektra
  • 1974 «Ooh La La» / «Gone Tomorrow» – Elektra
  • 2004 «I Love a Good Fight» + «Scumbag» – Attack / Sanctuary
  • 2013 «Amazing Dope Tales» + «As the River Flows» + «City Freak» – Eschatone

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Jobriath» frå Wikipedia på engelsk, og «Jobriath» frå Wikipedia på bokmål den 22. oktober 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «Jobriath: the Mojo article». Henta 30. november 1998. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]