Jo-Bu Mekaniske Verksted AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jobu)
Jo-Bu Senior var den fyrste saga til Jo-Bu.
Jo-Bus salskontor i Oslo i 1959, på hjørnet mellom Akersgata og Keysers gate.

Jo-Bu Mekaniske Verksted AS vart stifta i 1947 av trelasthandlar Trygve Johnsen og børsemakar Gunnar Busk[1][2] og produserte motorsager og andre skogsmaskinar i perioden 1948–1979. Verksemda heldt til på Fagerstrand frå starten og vart flytt til Drøbak i 1953/54.[3]

Det var Gunnar Busk som stod for konstruksjonen av dei fyrste sagene. Den fyrste prototypen vart kalla Primus. Den fyrste serieproduserte saga var «Jo-Bu Senior», som hadde ein Aspen-motor med flottørforgassar. Når saga vart lagt på sida ved felling måtte brukaren rotere forgassaren. Jo-Bu Senior var på 17,5 kg og var berre brukbar til felling og kapping. Neste modell var Junior, som kom på marknaden i 1952. Motoren i Junior vart produsert av Jo-Bu sjølve. Junior hadde òg flottørforgasssar, så forgassaren måtte roterast som på Senior. Men massen var redusert til 10,4 kg. Denne saga vart svært populær og det vart produsert rundt 40 000 Junior-sager. Jo-Bu Tiger, som kom i 1960 vart eit stort framsteg. Ho hadde membranforgassar, så ein slapp plundret med å rotera forgassaren. I 1964 kom Jo-Bu Starlet, som var mindre og lettare enn Tiger. Starlet var lett nok til at ho kunne nyttast til kvisting, noko som førte til auka produktivitet. Men starthuset var plassert på same side som sverdet, så det vart lett fylt opp med sagflis. Sagflisa vart blanda med snø og om ein ikkje fjerna denne blandinga før ein sette frå seg saga om kvelden hende det at det fraus saman til ein solid masse om natta. Dette vart retta opp då M5 kom i 1967.

Jo-Bu var i lang tid marknadsleiar i Noreg. I siste halvdelen av 1960 og 1970-talet vart det seld mange Jo-Bu-sager i USA[4].

Jo-Bu produserte ymse tilleggsutstyr til motorsagene sine. Best kjent er ein propell på ein stamme som konverterte motorsaga til ein påhengsmotor. Denne vart produsert både til til Jo-Bu Senior og Junior. Det vart òg produsert eit jordbor til Junior og Tiger[2].

Føretaket var seinare kjøpt av Elkem Spigerverket AS. I 1983 vart det seld til Electrolux i Sverige, som la ned produksjonen av Jo-Bu-sager.

Dei ulike modellane[endre | endre wikiteksten]

Spesifikasjonane i tabellen er henta frå [2]. Sagene som er oppførte med 50 cm sverd vart leverte med valfri sverdlengd, men massen som er oppført er for 50 cm lange sverd.

Model Frå Til Slagvol. [cm3] Turtal [o/min] Effekt [ hk ] Forgassar Kopling Sverd [cm] Kjedehast. [m/s] Masse [ kg ]
Senior 1948 1955 125 4000 4,0 Flottør Manuell 45 4,4 17,5
Junior 1952 1958 76 4000 2,0 Flottør Manuell 45 4,4 10,4
Viking 1957 93 5000 2,8 Flottør Manuell 45 4,9 11,2
93 1958 93 5000 4,0 Membran Manuell 45 10,2 11,5
Junior Super 1959 93 4500 2,8 Flottør Manuell 45 6,7 10,5
D94 Tiger 1960 94 5000 4,8 Membran Sentrifugal 45 12,0 10,5
Tiger S 1964 94 6500 5,5 Membran Sentrifugal 45 13,0 10,5
Starlet 1964 69 7000 3,5 Membran Sentrifugal 40 15,0 8,4
M5 1967 69 7500 3,5 Membran Sentrifugal 40 15,0 8,5
L6 1968 56 7500 3,4 Membran Sentrifugal 35 17-19 7,0
L7 1970 56 7500 3,4 Membran Sentrifugal 35 17-19 7,5
L73 1971 56 7500 3,4 Membran Sentrifugal 35 17-19 7,5
L8 1972 56 8500 3,4 Membran Sentrifugal 35 19-21 7,6
L81 1972 56 8500 3,4 Membran Sentrifugal 35 19-21 7,8
L800 1974 56 8500 3,5 Membran Sentrifugal 35 19-21 7,6
LP4 1975 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-19 5,9
LP40 1975 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-19 5,8
L86 1975 61 8500 3,9 Membran Sentrifugal 50 19-21 8,0
L860 1975 61 8500 3,9 Membran Sentrifugal 50 19-21 7,8
LP5 1976 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-19 5,8
LP5B 1976 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-19 5,9
LP5BV 1976 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-19 5,9
L86B 1976 61 8500 3,9 Membran Sentrifugal 50 19-21 8,3
LF50 1977 48 8500 2,8 Membran Sentrifugal 30 16-21 5,8
LF50B 1977 48 8500 2,8 Membran Sentrifugal 30 16-21 5,9
LP6B 1978 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-21 6,3
LP6BV 1978 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-21 6,4
L86S 1978 61 8500 3,9 Membran Sentrifugal 50 19-21 8,0
L86BS 1978 61 8500 3,9 Membran Sentrifugal 50 19-21 8,3
LP5BS 1980 48 8500 3,0 Membran Sentrifugal 30 16-19 5,9

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Johnsrud, T.E., Teknisk utvikling i skogbruket Arkivert 2013-12-13 ved Wayback Machine., Skogsnorge.no
  2. 2,0 2,1 2,2 Larsen, Ø.R. (red.), Jo-Bu: Skogen og folket, Follo museum, 2013.
  3. Hans Krag, red. (1962). «Industri m.v.». Drøbak. Drøbak: Drøbak kommune. s. 43. 
  4. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publishing, 2006.