Jocelyn Pook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jocelyn Pook
Jocelyn Pook.jpg
Fødd14. februar 1960 (62 år)
FødestadBirmingham, England
OpphavStorbritannia
Instrumentbratsj
PlateselskapVirgin Records
Verka somKomponist, pianist, bratsjist
PrisarLaurence Olivier Award

Jocelyn Pook (fødd 14. februar 1960) er ein engelsk komponist, pianist og bratsjist.[1]

Pook var med på verdsturneen til ABC i 1980-åra og spelte i Julian Temple/ABC-filmen Mantrap, og har sidan spelt med artistar som Massive Attack, PJ Harvey, Peter Gabriel og i tre år som medlem av The Communards. Ho har òg vore musikar og skodespelar ved dei eksperimentelle teaterselskapa Impact Theatre Co-operative og Lumiere & Son, i tillegg til fleire produksjonar ved The National Theatre.

Pook har òg gjeve ut fleire soloalbum som plateartist, mellom anna Deluge (Virgin Records 1997), Flood (Virgin Records 1999) og Untold Things (RealWorld Records 2001 - 2013).

Som filmkomponist har ho skrive musikk for Stanley Kubrick-filmen Eyes Wide Shut, som ho vann ein Chicago Film Award for og vart nominert til ein Golden Globe.[2] Andre filmar ho har skrive musikk for er mellom andre Michael Radford-filmen The Merchant of Venice med Al Pacino[3], Brick Lane, Heidi, Time Out (L’Emploi Du Temps), Julio Medem-filmen Caótica Ana og Room in Rome, og eit stykke for Gangs of New York av Martin Scorsese.

Pook vart nominert til ein BAFTA for musikken hennar for Channel 4-serien The Government Inspector[4] og i april 2018 vann ho ein BAFTA for TV-filmversjonen av King Charles III (regissør: Rupert Gould).[5] Ho skreiv musikken til Netflix-dokumentaren The Staircase.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1997 – Deluge
  • 1999 – Flood
  • 2001 – Untold Things

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1997 – «Blow The Wind» – Virgin Records
  • 2003 – «Sacrum» (12") – Additive

Albums med ensemble[endre | endre wikiteksten]

Teater og dans[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 – Memorial – For Chris Drummond, regissøren av 'Memorial'
  • 2017 - Adam- For National Theatre of Scotland
  • 2016 - Macbeth - For Shakespeare's Globe Theatre
  • 2014 - King Charles III- For Almeida Theatre
  • 2014 - Dust- For English National Ballet (koreografert av Akram Khan)
  • 2013 - Itmoi - For gruppa til Akram Khan
  • 2013 - Bench - For MODERNE MEISJES
  • 2011 – Desh – For gruppa til Akram Khan
  • 2006 - King John - For the Royal Shakespeare Company

Musikk for film og TV)[endre | endre wikiteksten]

Ymse samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Untold Things». Realworldrecords.com. Henta 27. august 2020. 
  2. [1][daud lenkje]
  3. «Entertainment | Terfel leads Classical Brits nods». BBC News. 19. april 2005. Henta 27. august 2020. 
  4. «2006 Television Craft Original Television Music sponsored by Sebastian McLean International | BAFTA Awards». Awards.bafta.org. Henta 27. august 2020. 
  5. «Original Music - JOCELYN POOK, King Charles III». Bafta.org. 18. februar 2018. Henta 27. august 2020. 
  6. «Jocelyn Pook scores 'The Staircase' (Netflix) - Cool Music». Coolmusicltd.com. Henta 27. august 2020. 
  7. «Jocelyn Pook». Songlines. April–May 2013. s. 10. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]