Joch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Joch er ei gammal måleining for areal som vart nytta i Tyskland og Austerrike. Opphavleg var det så mykje land som eit oksespann kunne pløye på ein dag. Storleiken varierte frå 4000 til 6000 kvadratmeter frå stat til stat. Ordet har same opphav som norsk åker og engelsk acre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Joch. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/joch.