Jochum Brinch Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jochum Brinch Lund (25. november 174316. september 1807) var ein norsk kjøpmann, verftseigar og industripioner, fødd og død i Farsund.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lund var i yngre år i handelslære hos faren sine forretningskontaktar i Storbritannia og Frankrike, dessutan siglde han som skipper eit par sommarsesongar. I 1765 slo Lund seg ned i heimbyen Farsund. Han tok over faren sitt privilegium som meklar og kommisjonær for havarerte, skadde og verslitne skip som søkte inn til Farsund for hjelp og assistanse. Gjennom denne verksemda kom handelshuset Jochum B. Lund & Co til rikdom. For å ta seg av havaristane vart kranbryggjer reist, bryggjer som voks til verft.

Frå 1783 var Lund eineeigar av faren sitt handelshus og dei neste åra starta han opp mange verksemder. Lund-karane vart i samtida karakterisert gjennom Ludvig Holberg-sitatet «De leve christelig og nære sig af vrag». Meir ope vart Lund kalla «Kongen av Farsund».

Jochum B. Lund var sentral då Farsund fekk bystatus i 1795. Kring den tid fekk han bygt eit stort kjøpmannshus, eit bygg som i dag vert kalla Husan. Innom fiskeria stod han for pionerverksemd gjennom satsing på havfiske etter sild. Kanonbåtkrigen i 1804 øydela denne satsinga og handelshuset Lund gjekk overende då eigaren døydde i 1807.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]