Jody Williams (1935-)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jody Williams
Fødd3. februar 1935 (84 år)
FødestadMobile i Alabama i USA
Død1. desember 2018
DødsstadMunster
FødenamnJoseph Leon Williams
AliasLittle Papa Joe, Little Joe Lee
OpphavChicago i USA
Aktiv1954–1960-åra, 2000 til i dag
SjangerBlues
InstrumentElektrisk gitar, vokal
PlateselskapBlue Lake, Argo, Nike, Jive, Smash, Yulando, Evidence
Verka somsongar, gitarist

Joseph Leon Williams (fødd 3. februar 1935), betre kjend som Jody Williams, er ein USA-amerikansk bluesgitarist og songar. Gitarstilen hans hadde påverknad på Chicago blues-miljøet i 1950-åra.

I 2013 vart Williams innlemma i Blues Hall of Fame.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1950-åra var Williams ein av dei mest ettertrakta studiogitaristane i Chicago, men han var lite kjend utafor musikkindustrien. Williams fekk opplæring på gitar av Bo Diddley og i 1951 byrja dei å spele på gata i lag.[2][3] Williams spelte med fleire bluesmusikarar, som Memphis Minnie, Elmore James og Otis Spann. Etter å ha turnert Vestkysten med pianisten Charles Brown, etablerte Williams seg som studiomusikar for Chess Records.[2]

Ved Chess møtte Williams Howlin’ Wolf og vart hyrt inn som gitarist i bandet hans. Eit år seinare flytta Hubert Sumlin til Chicago og vart med i bandet til Wolf, og dei to gitaristane er med på singlane til Howlin’ Wolf frå 1954, «Evil Is Going On» og «Forty Four», i tillegg til «Who Will Be Next» og «Come to Me Baby» frå 1955. Williams spelte òg på Otis Spann-singelen «It Must Have Been the Devil», med sologitar av B.B. King.[2]

Solokarrieren til Williams byrja i desember 1955 med den saksofon-drivne «Lookin' for My Baby», gjeven ut under namnet Little Papa Joe på Blue Lake Records. På denne tida var Williams særs etterspurt som studiogitarist og virtuositeten hans kom til syne på Bo Diddley sin «Who Do You Love?»,[2] ein hit for Checker Records i 1956. Anna studioarbeid i 1950-åra var sologitar på Billy Boy Arnold sin «I Ain't Got You» og «I Wish You Would», Jimmy Rogers sin «One Kiss», Jimmy Witherspoon sin «Ain't Nobody's Business» og Otis Rush sin «Three Times a Fool».[4]

I 1957 gav Williams ut «You May» på Argo Records, med den nyskapande instrumentale B-sida «Lucky Lou», med eit opningsriff som Otis Rush kopierte i 1958 på «All Your Love (I Miss Loving)».[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1956 – «Looking For My Baby» / «Easy Lovin’» (Blue Lake 116) (som Little Papa Joe)
  • 1957 – «You May» / «Lucky Lou» (Argo 5274) (som Little Joe Lee)
  • 1963 – «Lonely Without You» / «Moanin’ For Molasses» (Nike 1013)
  • 1963 – «Lonely Without You» / «Time For A Change» (Jive J-1004)
  • 1963 – «Hideout» / «Moanin’ For Molasses» (Smash 1801)
  • 1966 – «Lonely Without You» / «Time For A Change» (Yulando R-133-8665)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2002 – Return Of A Legend (Evidence ECD 26120)
  • 2004 – You Left Me In The Dark (Evidence ECD 26130)

Som gjestegitarist[endre | endre wikiteksten]

  • 1954 – Howlin’ Wolf, «Evil Is Going On» / «Baby How Long» (Chess 1575)
  • 1954 – Howlin’ Wolf, «Forty Four» / «I’ll Be Around» (Chess 1584)
  • 1954 – Otis Spann, «It Must Have Been The Devil» / «Five Spot» (Checker 807)
  • 1955 – Howlin’ Wolf, «Who Will Be Next» / «I Have A Little Girl» (Chess 1593)
  • 1955 – Howlin’ Wolf, «Come To Me Baby» / «Don’t Mess With Me Baby» (Chess 1607)
  • 1955 – Sonny Boy Williamson II, «Don’t Start Me Talkin’» / «All My Love In Vain» (Checker 824)
  • 1955 – Billy Boy Arnold, «I Was Fooled» / «I Wish You Would» (Vee-Jay VJ 146)
  • 1955 – Earl Phillips, «Oop De Oop» / «Nothing But Love» (Vee-Jay VJ 158)
  • 1955 – Bo Diddley, «Diddy Wah Diddy» / «I’m Looking For A Woman» (Checker 832)
  • 1956 – Billy Boy Arnold, «Don’t Stay Out All Night» / «I Ain’t Got You» (Vee-Jay VJ171)
  • 1956 – Lu Mac, «Albert Is His Name» / «I’ll Never Let Him Know» (Blue Lake 117)
  • 1956 – Bo Diddley, «Who Do You Love?» / «I’m Bad» (Checker 842)
  • 1956 – Floyd Dixon, «Alarm Clock Blue»s / «I’m Ashamed Of Myself» (Checker 857)
  • 1956 – Bobby Charles, «Why Did You Leave» / «Don’t You Know I Love You» (Chess 1617)
  • 1956 – Billy Stewart, «Billy’s Blues (Part 1)» / «Billy’s Blues (Part 2)» (Chess 1625 and Argo 5256)
  • 1956 – Billy Boy Arnold, «Here’s My Picture» / «You Got Me Wrong» (Vee-Jay VJ 192)
  • 1957 – Jimmy Rogers, «One Kiss» / «I Can’t Believe» (Chess 1659)
  • 1957 – Otis Rush, «Groaning The Blues» / «If You Were Mine» (Cobra 5010)
  • 1957 – Harold Burrage, «Messed Up» / «I Don’t Care Who Knows» (Cobra 5012)
  • 1958 – Howlin’ Wolf, «I Didn’t Know» / «Moanin’ For My Baby» (Chess 1695)
  • 1958 – Otis Rush, «Three Times A Fool» / «She’s A Good ‘Un» (Cobra 5023)
  • 1959 – Bobby Davis, «I Was Wrong» / «Hype You Into Sellin’ (Your Head)» (Bandera 2505)
  • 1959 – Bo Diddley, «Dancing Girl» (on Have Guitar Will Travel: Checker LP 2974)
  • 1960 – Bobby Davis and the Big “3” Trio, «One Love Have I» / «She’s A Problem» (Bandera 2508)
  • 1964 – Billy Boy Arnold, «I Wish You Would» / «Prisoner’s Plea» (Vivid 109)
  • 2007 – The Mannish Boys, «Groan My Blues Away» / «Young & Tender» (on Big Plans: Delta Groove DGPCD 116)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2013 Blues Hall of Fame Inductees Announced». Blues.org. Henta 10. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Dahl, Bill (2002). CD-hefte. Return of a Legend.
  3. «Bo Diddley – The Originator». Members.tripod.com. Henta 2011-12-30. 
  4. Dirks, Scott. «Backstage Pass». Deltagrooveproductions.com. Henta 10. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]