Joe Egan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joe Egan
Fødd18. oktober 1946
FødestadPaisley
OpphavStorbritannia
Sjangerrock
Verka somlåtskrivar, studiomusiker, songar

Joseph «Joe» Egan (fødd 18. oktober 1946) er ein skotsk songar-låtskrivar.

Egan gjekk på skulen i lag med Gerry Rafferty, og spelte med fleire småband som The Sensors og The Mavericks, og arbeidde som studiomusikar.

Stealers Wheel[endre | endre wikiteksten]

I 1972 starta han og Rafferty folkrockbandet Stealers Wheel.[1] Etter to mislukka singlar råka dei gull med songen «Stuck in the Middle With You», som han hadde skrive i lag med Rafferty. Songen vart ein hit i 1973 og nådde topp 10 i både Storbritannia og USA. Bandet oppnådde ikkje den same suksessen seinare og etter usemje om kva retning bandet skulle ta vart det oppløyst i 1975.

Soloarbeid[endre | endre wikiteksten]

Egan gav etter kvart ut soloalbumet Out of Nowhere, men dette kom først ut i 1979 då han og Rafferty ifølgje kontrakten ikkje hadde løyve til å gje ut nokre plater på tre år. Han fekk ein mindre hit med den første singelen sin, «Back on the Road». Same året gav han ut ein singel til, «Out Of Nowhere».

I 1981 gav han ut det andre albumet sitt, Map, som gjorde det dårleg. Sidan den gong har han ikkje spelt inn noko meir, men vart ei kort stund attforeint med Rafferty for å synge vokal på nokre songar på albumet til Rafferty frå 1992, On a Wing and a Prayer.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 - Out of Nowhere
  • 1981 - Map

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Biography: Stealers Wheel». AMG. Henta 10. september 2014.