Joe Hart
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Charles Joseph John Hart | ||
| Fødd | 19. april 1987 (39 år) | ||
| Fødestad | Shrewsbury | ||
| Høgd | 196 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Manchester City | ||
| Nummer | 1 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2003-2006 2006- 2007 2007 2009-10 |
|
54 (0) 195 (0) 6 (0) 5 (0) 36 (0) | |
| Landslag | |||
| 2007-09 2008-17 |
|
21 (0) 75 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juni 2024 | |||
Charles Joseph John Hart (fødd 19. april 1987) er ein engelsk fotballspelar som har vore keeper for Manchester City i engelsk Premier League. Han har òg landskampar for England.
Hart begynte karrieren sin i dei lågare divisjonane, hjå Shrewsbury Town. Han var den faste keeperen deira i 2005/06-sesongen i League Two, fjerde høgste nivå. I 2006 gjekk han til Manchester City, og fekk éin kamp for klubben den sesongen, men vart i periodar lånt ut til Tranmere Rovers og Blackpool i League One (tredje nivå). I 2007/08- og 2008/09-sesongen var han den mest brukte keeperen til Manchester City, men i 2009/10-sesongen vart han lånt ut heile sesongen til Birmingham City, der han var førstekeeper, og vart kåra til årets Birmingham-spelar. På starten av 2010/11-sesongen var han tilbake som førsteval i mål hjå Manchester City. Han vart seriemeister med City i 2012 og 2014.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Hart debuterte for England sitt A-landslag 1. juni 2008, som innbytar i pausen i ein privatlandskamp mot Trinidad og Tobago. Han var med i England sin tropp til fotball-VM i 2010, men var der den av dei tre keeperane som ikkje fekk spela nokon kampar. Han spelte sin første landskamp i ei turnering 3. september 2010, ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Bulgaria. Hart vakta Englands mål i fire EM-kapar i 2012 og like mange i EM 2016. Under VM i fotball 2014 var han målvakt i to av Englands kampar. Fram til november 2017 spelte Hart 75 landskampar, var lagkaptein i to av dei.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Joe Hart på UEFA si offisielle heimeside
- eu-football