Joe Lynn Turner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joe Lynn Turner
JLTurner.jpg
Turner i Sverige i 2010
Fødd2. august 1951 (68 år)
FødestadHackensack i New Jersey i USA
FødenamnJoseph Arthur Mark Linquito
AliasJLT
OpphavUSA
Aktiv1976 til i dag
SjangerHardrock, poprock, heavy metal
InstrumentVokal, gitar, trekkspel
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarFandango, Rainbow, Yngwie Malmsteen's Rising Force, Deep Purple, Mothers Army, Brazen Abbot, Hughes Turner Project, Sunstorm, The Jan Holberg Project
PlateselskapElektra, Frontiers
Verka somSongar og låtskrivar, musikar

Joe Lynn Turner (fødd 2. august 1951) er ein amerikansk songar, kjend som vokalist i hardrockbandet Rainbow.[1] I løpet av karrieren sin har Turner fronta poprockbandet Fandango, og hatt korte periodar som vokalist med Yngwie Malmsteen's Rising Force og Deep Purple. Frå seint i 1990-åra har han spelt inn mange soloalbum og delteke på andre prosjekt.

Han er for tida vokalist i Rainbow-coverbandet Over the Rainbow.

Han fekk gjennombrotet sitt då han erstatta Graham Bonnet som som vokalist i Rainbow i 1980. Han deltok på tre album før bandet vart oppløyst i 1984. Han gav så ut solodebutplata si Rescue You. I 1988 vart han med Yngwie Malmsteen og deltok på eit studioalbum, eit konsertalbum og seinare eit samlealbum. Han forlét Yngwie Malmsteen i 1989 for å bli med Deep Purple. Han deltok på albumet Slaves and Masters, etter dette har han hovudsakleg konsentrert seg om solokarrieren sin. Han har òg vore studiomusiker for norske TNT og song korvokal på albuma Intuition (1989) og Realized Fantasies (1992). I 2011 var han vokalist på The Jan Erling Holberg Project ft. Joe Lynn Turners Sense of time, som hadde ein miniturnè i Noreg same sommar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Andre band og sideprosjekt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thompson, Dave (2004). Smoke on the Water: The Deep Purple Story. ECW Press. s. 260–. ISBN 978-1-55022-618-8. Henta 28. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]