Joel Campbell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joel Campbell
Joel Campbell'14.JPG
Fullt namn Joel Nathaniel Campbell Samuels
Fødd 26. juni 1992
San José i Costa Rica i Costa Rica
Høgd 178 cm
Posisjon Spiss/ kant
Klubbinformasjon
Spelar for Flag of England.svg Arsenal
Ungdomsklubb
2004-2009 Costa Rica Saprissa
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2009-11
2011
2011-
2011-12
2012-13
2013-14
Costa Rica Saprissa
Costa Rica Puntarenas
Flag of England.svg Arsenal
Frankrike Lorient
Spania Real Betis
Hellas Olympiakos
2 (0)
5 (0)
0 (0)
25 (3)
28 (2)
32 (8)
Landslag**
2008-2009
2010-2011
2011-
Costa Rica Costa Rica U17
Costa Rica Costa Rica U21
Costa Rica Costa Rica
9 (8)
13 (10)
36 (10)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 13. april 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 14. juni 2014.

Joel Nathaniel Campbell Samuels (fødd 26. juni 1992) er ein kostarikansk fotballspelar som spelar for greske Olympiakos der han er på utlån frå Arsenal FC. Campbell spelar også på det kostarikanske landslaget og var med i VM i fotball 2014.

FC Arsenal stadfesta at dei hadde signert kontrakt med Campbell i august 2011, men fordi han ikkje hadde skaffa arbeidsløyve i England, fekk han ikkje lov å spela for klubben. Campbell skaffa seg endeleg dette løyvet i juli 2013. Campbell har enno ikkje spela ein kamp for Arsenal, men har vorte utlånt til andre europeiske klubbar. Olympiakos er den tredje klubben han har vorte utlånt til frå Arsenal.

Campbell skåra Costa Rica sitt fyrste mål under VM i fotball 2014. Han utlikna mot Uruguay, ein kamp som Costa Rica til slutt vann 3-1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]