Joey Cheek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joey Cheek
Joey Cheek.jpg
Fødd 22. juni 1979
Greensboro
Yrke skøyteløpar
Joey Cheek på Commons

William Joseph Cheek (fødd 22. juni 1979), kjend som Joey Cheek, er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar frå Greensboro i Nord-Carolina. Han vart verdsmeister i sprint i 2005 og olympisk meister på 500 meter i 2006.

Cheek fekk sitt gjennombrot under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City, der han tok bronsen på 1000 meter og kom på fjerdeplass på 1500 m, 0,08 sekund for seint til å ta bronsemedalje nummer to.

I 2005 vart Cheek tredjemann i sprint-VM, slått av vinnaren Erben Wennemars frå Nederland og kanadiske Jeremy Wotherspoon. Eitt år seinare, den 22. januar 2006, vann Cheek sprint-VM i Heerenveen, framom Dmitrij Dorofejev frå Russland og arrangørlandets Jan Bos. Tre veker etter sprint-VM sigra Cheek på 500-meteren under vinterleikane 2006 i Torino og vann olympisk gull, atter framom russaren Dorofejev. På 1000 meter tok Cheek sølvmedaljen, 0,27 sekund bak landsmannen Shani Davis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]