Joggesko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit par joggesko av merke Nike Inc.

Joggesko er ein lett sko som finst i mange ulike variantar og vert brukt til mange ulike føremål. Dei kan brukast til kvardagsbruk, til fritidsbruk eller til trening.[1][2][3] Joggesko har namnet etter det å jogga, som er ei form for lett lauping, og dei må ikkje forvekslast med laupesko, som er spesialdesigna for lauping.[4][5]

Joggesko vert som regel laga av plast, kunstlêr og tekstil, og kombinasjonar av desse. Skoa har ein mjuk, og ofte ein fjærande, sole. Skoa kan utstyrast med lisser eller borrelås. Skoa vert laga både for born og vaksne, og er ofte billegare enn spesialkonstruerte laupesko, og fungerer lagleg til lauping eller andre idrettar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oppslagsordet «joggesko» i Norsk Ordbok 2014.». «sko til å jogga el trena i, «du behøver ikkje jogge for å bruke joggesko»» 
  2. Christophersen, Kirsten Holtermann (1997). Drakthistorie. [Oslo]: Yrkesopplæring. s. 180, 188. ISBN 8258509411. 
  3. Slik skodde de seg (utstilling) 1989-1990 Bergen (1989). Slik skodde de seg -: om sko og skomoter gjennom tidene : Bryggens museum 3. mai 1989 - 25. mars 1990. Bergen: Bryggens museum. s. 25. ISBN 8290289359. 
  4. «Oppslagsordet jogge i Bokmåls- og Nynorskordboka». 
  5. Arne Kvalheim