Jogging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinne som joggar

Jogging er ei form for mosjon der ein spring i eit roleg tempo. Meininga er å kome i betre fysisk form, med mindre tyngsel på kroppen enn ved raskt laup men samstundes meir enn ved å spasere.

Jogging kan gjerast over lengre distansar og er ei form for aerob uthaldstrening. I Noreg vart jogging populært i 1970-åra og ein byrja å arrangere mosjonsløp for deltakarar på ulike nivå og aldrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]