Johan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan eller Johann er mannsnamn danna som ei kortare form av Johannes. Det har namnedag den 29. august.

Johannes er ei latinsk form av det greske Ioannes (Ιωαννης) som kjem frå hebraisk Yochanan og betyr 'Gud er nådig'. John, Jan, Jens, Hans og Hannes er nokre av fleire andre variantar av namnet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Johan er eit vanleg namn i Sverige, Finland, Belgia og Noreg. På Island finst forma Jóhann, og på Færøyane både Jóhan og Johan. I Tyskland er Johann utbreidd.

Namnet var særs ubtreidd ved slutten av 1800-talet. Rundt 1880 fekk over 4,5 % av nyfødde gutar namnet Johan. Fram til 1950-talet var bruken minkande, og har sidan halde seg på eit lågare nivå.

I 2009 var det 9 998 norske menn som heitte Johan og 305 som heitte Johann.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]