Johan-Sebastian Christiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan-Sebastian Christiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1998
Idrett sjakk

Johan-Sebastian Christiansen (fødd 10. juni 1998) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Internasjonal Meister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Johan-Sebastian Christiansen vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale turneringar. I Quatar Masters Open i november-desember 2014 tok han 4 poeng på 9 rundar mot svært sterk motstand. I Reykjavik Open i mars 2015 tok han 6,5 poeng på 10 rundar, eit halvt poeng over IM-kravet. I Visma Chess Tournament i Växjö i Sverige i juni 2015 tok han 6 poeng på 9 rundar. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 hadde han oppfylt allereie pr. 1. mai 2015. Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-kongressen i Abu Dhabi 1-9. september 2015.

Stormeisternapp[endre | endre wikiteksten]

Johan-Sebastian Christiansen klarte sitt første napp i stormeister-tittelen då han spelte på 4. bord for det norske landslaget under EM for lag på Kreta, 28.10-6.11.2017, med 6 poeng på 9 rundar.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]