Johan Østby
Johan Østby | |
Fødd | 5. mars 1924 |
---|---|
Død | 20. februar 2005 |
Parti | Senterpartiet |
Johan Østby (5. mars 1924–20. april 2005) var ein norsk journalist, forfattar og politikar frå Trysil. Han var 1965-77 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet.
Østby, som var son til ein skogvaktar, var skogsarbeidar frpå 1948. Skuleåret 1948/49 gjekk han Nansenskolen på Lillehammer, og fekk i 1949 journaliststilling i avisa Østlendingen på Elverum.
Han var fylkessekretær i Senterpartiet 1964-65. Ved stortingsvalet husten 1965 fekk han fast plass på Stortinget, og vart attvald i 1969 og 1973. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Justiskomiteen, deretter medlem 1969-72 i Sosialkomiteen. Sesjonen 1972/73 hadde han plass i Utanriks- og konstitusjonskmiteen, medan han i sine siste fire år som tingmann var medlem i Finanskomiteen.
Østby var 1970-77 landsstyremedlem i Senterpartiet. I 1970 gav han ut femtiårssoga til Hedmark Senterparti, og i 1985 to bøker om historia til høvesvis branntrygdelaget og elektrisitetsverket i Elverum.