Johan Albert Hoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Albert Hoff
Fødd 28. juli 1866
Død

1941

Yrke politikar

Johan Albert Svendsen Hoff (28. juli 18661941) var ein pressemann og stortingsmann frå Sandsvær i Buskerud. Han representerte partiet Venstre.

Hoff var son til ein gardbrukar. I sine yngre år gjekk han to kurs på folkehøgskular. Han vart redaksjonssekretær i Drammen i 1891, året etter fekk han stilling som redaktør av avisa «Tunsbergeren» i Tønsberg. Hoff var medlem av Tønsberg bystyre 1898-1907 og 1911-??, ei tid varaordførar.

Hoff representerte bykrinsen Tønsberg på Stortinget perioden 1906-09. Han var då medlem av militærkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]