Johan Ameln
Utsjånad
| Johan Ameln | |||
| Fødd | 12. mars 1838 Bergen | ||
|---|---|---|---|
| Død | 19. juni 1917 (79 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
| Alle verv |
| ||
Johan Gerhard Theodor Ameln (12. mars 1838–19. juni 1917) var ein norsk kjøpmann og Venstre-politikar frå Bergen. Henrik Ameln var brorson hans.
Far hans var kjøpmann i Bergen. Sjølv var han elev av Bergens handelsinstitutt 1861-63 og var deretter kjøpmann og skipsreiar i fødebyen. Han var medlem av formannskapet i Bergen 1881-88, ordførar 1886-87. Ameln var med å stifte både Bergens Kreditbank, Bergens dampskipsassuranseforening og Selskabet for de norske Fiskeriers fremme.
Ameln var 2. representant på Stortinget for Bergen i perioden 1889-91. Han var sekretær i næringskomite nr. 1.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Johan Ameln ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør