Johan Andreas Hofseth
| Johan Andreas Hofseth | |||
| Fødd | 1790 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 24. oktober 1855 (65 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Johan Andreas Hofseth (1790–24. oktober 1855) var ein norsk fut og stortingsmann frå Trondheim. Han representerte Finmarkens amt i Stortinget 1827 og i omframtstortinget 1828.
Hofseth var fullmektig i Finansdepartementet og ei tid fungerande fut i Nordmøre. Frå 1823 var han fut i Senja og Tromsø futedømme. 1827 og 1828 deltok han i stortingsforhandlingane, i 1827 som sekretær i komiteen om fiskeria og reinsdyrlova, dessutan var han medlem i komiteen om kjøpstadskatten. I 1828 var han medlem i Lagtinget. År 1831 vart han suspendert frå futestillinga og i Høgsteretten dømt til «embedsfortabelse» og straffarbeid på livstid, eller å erstatte det pengebeløpet han hadde brukt. Hofseth betalte tilbake og fekk 2. august 1844 avskjed i nåde. Samstundes vart han friteken festningsarbeid og var sidan politibetjent i Tromsø.
Hofseth var gift med Kristofa Rønneberg, kjøpmannsdotter frå Valderhaug i dåverande Borgund kommune.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.