Johan Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1917
Stange kommune
Død

25. september 1981 (64 år)
Bærum kommune

Yrke offiser

Johan Berg (fødd 12. mai 1917 i Stange) var ein norsk offisert som frå 1. november 1966 vart etterretningssjef i Noreg etter Vilhelm Evang. Han hadde ei variert militær karriere før dette.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Johan Berg vart offiser i 1939 og deltok i felttoget i Noreg i 1940. Han kom deretter til Canada. Seinare vart han send til Storbritannia, og i 1943 kom han til Island. I 1944 var han hovudinstruktør ved dei norske stridskursa i polititroppane i Sverige. Etter andre verdskrigen vart han stabssjef i Tysklandsbrigaden. Han tok både Den Svenska Kungliga Krigshögskolan og Forsvarets høgskule. Frå 1957 til 1966 var han redaktør av Norsk Militært Tidsskrift. Han var sjef for DANOR frå 1957.[1]

I 1959 vart han sjef for Brigaden i Sør-Norge, og året etter vart han utnemnd til oberst og sjef for Troms Landforsvar. I 1964 vart han sjef for forsyningsstaben i Forsvarsstaben. Stillinga som sjef for etterretningstenesta hadde han frå 1966 til 1970. Han vart seinare generalmajor og sjef for Distriktskommando Vestlandet, deretter sjef for landstridskreftane i Sør-Norge, før han avslutta sin karriere som direktør for Forsvarets høgskole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steenstrup, Bjørn, red. (1973). «Berg, Johan». Hvem er hvem? (på norsk). Oslo: Aschehoug. s. 46. Henta 4. september 2020.