Johan Blackstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Blackstad
Fødd16. november 1832
Bergen
Død8. november 1904
Kristiania
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
YrkeRiksadvokat
Verv1901–1904
FøregangarBernhard Getz
EtterfylgjarHarald Smedal

Johan Blackstad (16. november 18328. november 1904) var ein embetsmann og stortingsmann frå Bergen. Aage Schavland var svigerfaren hans.

Blackstad var son til ein prokurator. Han vart student i 1852 og cand. jur. i 1857. Dei neste åra arbeidde han som fullmektig hos sorenskrivaren i søre Hedmark. Og frå 1860 som kopist i justisdepartementet. 1870-74 var han fut og sorenskrivar i Varanger, deretter amtmann i Finnmark frå 1874 til 1882. Sidan sorenskrivar i Eiker frå 1882, lagmann i Eidsivating frå 1889 og i Oslo frå 1892. Tida 1891-1901 var han fungerande riksadvokat, utnemnd til embetet i 1901.

Blackstad var formann i den kongelege kommisjonen av 1875 om samane. Frå 1891 var han medlem av kommisjonen om det kriminelle rettsstellet. Han var ein pådrivar for å få gjennomført jurylova. Elles skal han ha vore den første som orda frampå om freding av kval.

Blackstad representerte finnmarksbyane Hammerfest, Vardø og VadsøStortinget frå 1880 til -85. Begge dei to valbolkane var han medlem av justiskomiteen. Han slutta seg til Høgre då partiet vart danna. Blackstad var innehavar av St. Olavs Orden.

Han døydde i Kristiania i 1904.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]