Johan Bondesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Bondesen (26. februar 18803. november 1954) var ein gardbrukar frå Koppang i Stor-Elvdal. Han representerte Søndre Østerdalen og ArbeidarpartietStortinget 1919-21.

Bondesen var son til ein murar. Han arbeidde sjølv som murar i Stor-Elvdal og 1913-18 som murmeister i Elverum. I 1918 kjøpte han gardbruket Norstu Vestgård i Stor-Elvdal og dreiv dette sidan. Han var elles styrar av Noregs Bank si avdeling på Hamar frå 1930 til 1943, og på frå 1945.

Periodane 1907-13 og 1925-31 var Bondesen medlem av heradsstyret i Stor-Elvdal. I tillegg sat han 1906-08 i fattigstyret, 1908-13 og 1926-31 i skulestyret, 1909-12 og 1923-32 i likningsnemnda, alt saman i Stor-Elvdal. 1925-28 var han styremedlem i Hedmark Landbrukkselskap.

Bondesen var stortingsmann 1919-21 frå einmnannskrinsen Søndre Østerdalen, vald for Arbeidarpartiet. Han var då medlem i Lønninsgkomiteen. Stortingsbolken 1928-30 var han vararepresentant frå Hedmark fylke, møtte på Tinget ei veke i april 1929.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]