Johan Borgos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Borgos

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1939 (84 år)
Skogsøya
Yrke skribent

Johan Ingvald Borgos (fødd 21. juli 1939 på Skogsøya i Øksnes), no busett på Sortland, er ein norsk historikar, bygdebokforfattar og lærar. Han har lærarutdanning frå lærarskolen i Nesna (1964), matematikk grunnfag i Trondheim (1969) og er cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Tromsø (1987).

Johan Borgos har vore hovudforfattar for bygdebøker i Øksnes kommune, Sortland kommune og Andøy kommune. Han har òg skrive mange lokalhistoriske artiklar, dei fleste er publiserte i Øksnes historielag si årbok Leddiken. Blant anna har han interessert seg for samisk historie i Vesterålen. Dessutan har han skrive fleire noveller, dikt, viser og limerickar.

Borgos er medlem i TONO, Nordnorsk forfatterlag og Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening. Han blei i 2015 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for arbeidet sitt som historikar og innsatsen sin knytt til bevisstgjering rundt nordnorsk kystkultur. I 2020 fekk Borgos Språklig samlings litteraturpris for boka Samer ved storhavet.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Faglitteratur[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]