Johan Buttedahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Buttedahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1935 (88 år)
Drammen kommune
Yrke politikar, tannlege
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Johan Buttedahl (fødd 5. oktober 1935) er ein norsk tannlækjar og politikar, fødd i Drammen. Han var stortingsrepresentant frå Buskerud og for Senterpartiet i tida frå 1981 til 1989, parlamentarisk leiar 1983-89. Perioden 1983 til -87 var han nestformann i Senterpartiet.

Far til Buttedahl var gardbrukar. Sjølv gjekk han Gjerdes Handelsskole i Drammen i 1954 og befalsskulen til Hærens Transportkorps og Hærens Intendantur i 1955. I 1958 byrja han studere odontologi, og vart i 1964 cand.odont. etter å ha studert i Bonn og i Bergen. Sidan var han distriktstannlækjar 1964-66 i Brøstadbotn i Troms, og 1966-81 i Hokksund i Buskerud.

Buttedahl var medlem av formannskapet i Øvre Eiker frå 1972 til 1981. 1980-81 var han fylkestingsmedlem i Buskerud. Hausten 1981 vart han vald inn på Stortinget for Senterpartiet i Buskerud. På Stortinget var han sekretær i Sosialkomiteen til juni 1983. Då Senterpartiet i dei dagar gjekk inn i Willoch-regjeringa, vart han flytta over i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, der han var medlem til han i 1989 sa farvel til Tinget. Partiformannen Johan J. Jakobsen var ein av dei som då vart statsråd, så etter at Buttedahl om våren 1983 hadde vorte vald til nestformann i Senterpartiet, var det naturleg at han tok over som parlamentarisk leiar i Stortinget, eit verv han hadde til han slutta som tingmann.

Buttedahl var frå 1989 til 2001 fylkestannlækjar i Buskerud. Jamsides var han medlem i Forsvarskommisjonen av 1990, nestleiar 1994-2001 i Kringkastingsrådet, riksrevisor og nestleiar 1994-98 i Riksrevisjonen og 1997-2004 ordførar i representantskapet i Selskabet for Norges Vel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]