Johan Christian Heuch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Christian Heuch

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1838
Kragerø kommune
Død

13. februar 1904 (65 år)
Kristiansand kommune

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Johan C. Heuch
Johan Christian Heuch på Commons
Frå gravferda til Heuch 19. februar 1904.

Johan Christian Heuch (23. mars 183813. februar 1904) var ein norsk lærar, prest, biskop i Kristiansands stift, redaktør og forfattar. Han var son til Johan C. Heuch.

Heuch var frå Kragerø, der faren var kjøpmann. Sjølv vart han student frå Nissens skole i hovudstaden i 1856, og cand. theol. i 1861. 1861-62 studerte han i utlandet, Leipzig og Erlangen. 1863-64 var han lærar ved borgarskulen i Kragerø. Frå 1865 til 1871 var han personalkapellan hos Jørgen Moe i Bragernes og Vestre Aker. I 1875 vart han styrer for det praktisk-teologiske seminar ved Det teologiske fakultet i Kristiania. Samstundes redigerte han 1875-77 Luthersk Kirketidende og 1877-90 Luthersk Ugeskrift.

År 1880 vart Heuch sokneprest i Uranienborg. Han var så biskop i Kristiansands stift (dagens Stavanger bispedømme og Agder og Telemark bispedømme) frå 1889 til han døydde i 1904.

Heuch møtte som varamann på Stortinget i 1890-sesjonen og fram til 7. mars 1891. Han representerte krinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger og var medlem av Høgre.

Heuch var ein framifrå predikant, og dyktig polemikar. I 1880-åra hadde han ei leiarrolle på den konservative sida, kring dei mange politiske og kulturelle stridsspørsmåla i tida. I skriftet Vantroens Væsen gjekk han mot allmenn røysterett og til angrep på radikalismen og hevda: «om radikalismen skulle seire så fullstendig at dens tanker ble eneherskende i folkets liv, da ville man ikke kjenne noen Gud i himmelen og derfor heller ingen objektivt gyldig og ubetinget lov på jorden. All autoritet ville være forsvunnet».

Opphavleg var Heuch høgkyrkjeleg, men fekk eit meir positivt tilhøve til lekmannsrørsla, særleg i 1890-åra.

Han døydde 1904 i Kristiansand.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Vantroens Væsen. 1883
  • Kirken og Vantroen. 1888
  • Mod Strømmen. 1902
  • Svar. 1903

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972
  • Nissen, Bernt A.:Vårt folks historie. 1964