Johan Christian Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Christian Johnsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1815, 23. juni 1815
Død

2. februar 1898 (82 år)

Yrke journalist, redaktør, politikar, skribent, leksikograf

Johan Christian Johnsen (23. juli 18152. februar 1898) var ein norsk journalist, redaktør, stortingsrepresentant for partiet Venstre, og leksikograf.

Johnsen var frå Kristiansand, der far hans var inspektør i fattigvesenet. Sjølv var han i unge år fyrst tilsett i farbroren Hans Johnsen si handelsforretning, så i stefaren T. O Fuglli si tilsvarande forretning. Han reiste deretter til sjøs, men etter nokre turar gav han opp sjømannslivet. Vidare arbeidde han på eit trelastkontor, før han i 1834 var tilsett på eit handelskontor i Antwerpen. Heimkomen til Noreg var han fullmektig i O. P. Moe & søn, år 1837 tok han sjølv til med kjøpmannskap i Stavanger.

Johnsen var redaktør av Stavanger Amtstidende 1843-46, og redigerte månadsskriftet For ungdommen som kom ut i Stavanger i 1846-47. Han grunnla i 1848 vekebladet Almuevennen og dreiv trykkeri i Kristiania, som trykte denne avisa og ulike skrifter og bøker. Frå 1855 kom bilaget Adressebladet, med meir politisk stoff enn Almuevennen. Han selde Almuevennen til bladet Fædrelandet i 1893, eit blad som under namnet Landsbladet gjekk inn i 1911. Attåt desse bladtiltaka prøvde han å få ut ei ny dagsavis, både i 1866 og 1870.

Johnsen representerte Stavanger by på Stortinget 1848, 1851 og 1854. Han var i 1848 sekretær i næringskomite nr 2, på dei to andre stortinga var han medlem av tollkomiteen. Frå 1845 til 1851 var han medlem av Stavanger bystyre. Han var fyrste formann i 'Det norske avholdsselskap'.

Johnsen flytta til Christiania etter han vart vald til statsrevisor i 1854. Denne stillinga hadde han til 1878, han sa då frå seg.

Johnsen sitt trebandsverk Norsk Haandlexikon for almennyttige Kundskaber kom ut i perioden 1879 til 1888. Verket var det første leksikonnorsk som kom ut i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914