Johan Christopher Haar Daae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Christopher Haar Daae
Fødd 2. august 1759
Lindås
Død

10. september 1827
Veøy

Yrke prest

Johan Christopher Haar Daae (fødd 2. august 1759 i Lindås, død 10. september 1827 i Veøy) var ein norsk prest, son av magister Ludvig Daae. Tok teologisk eksamen i 1781. Arbeidde for den geografiske landmåling i Jylland i fire år, vart i 1785 kapellan i Lindås hjå faren. Han var kapellan i Førde (1788-1798) og i Innvik (1798-1804). Daae var sokneprest i Norddal (1804-1820), deretter i Veøy i Romsdal der han tok over etter Jens Stub.[1]

Han var gift med Susanne Grythen (1760-1828). Sonen Ludvig (1792-1879) var offiser og kjøpte garden Solnør i Skodje, han var far til embetsmann og politikar Ludvig Daae. Sonen Anders (1802-1866) var sokneprest i Kvernes og prost for Nordmøre. Dottera Sara Margrethe (6. april 1806 - 10. mai 1841) var gift med Hans Conrad Thoresen og mor til Suzannah Ibsen.

I hans tid som sokneprest i Norddal vart det halde val til Riksforsamlinga på Eidsvoll, og han vart sjøl utpeikt som ein av to representantar til amtets valmannsmøte våren 1814.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  2. Arkivverket lese 22. februar 2014.