Johan Clarey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Clarey


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 8. januar 1981 (43 år)
Annecy
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2022

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Johan Clarey (fødd 8. januar 1981) er ein fransk alpin skirennar frå Tignes i Savoie. Han vann sølvmedaljen i utfor-tevlinga under Vinter-OL 2022. I 2019 kom han på delt andreplass i super-g-tevlinga ved VM i alpine greiner 2019, ni hundredels sekund attom gullvinnar Dominik Paris.

Clarey tevla i verdscupen i alpine greiner frå 29. november 2003. Han har aldri vunne eit verdscuprenn. Per 1.3.2022 stod han med fem andreplassar som best, fire i utforrenn og ein i super-g.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]