Johan Cruijff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Johan Cruyff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Cruijff
Johan Cruyff 1974c.jpg
Juhan Cruijff i 1974
Personleg informasjon
Fullt namn Hendrik Johannes Cruijff
Fødd 25. april 1947
Fødestad Amsterdam i Nederland
Død 24. mars 2016 (68 år)
Dødsstad Barcelona i Spania
Høgd 178 cm
Posisjon Spiss, Offensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1964-1973 Ajax 240 (190)
1973-1978 Barcelona 143 (48)
1978-1979 Los Angeles Aztecs 23 (13)
1979-1981 Washington Diplomats 30 (12)
1981 Levante 10 (2)
1981-1983 Ajax 36 (14)
1983-1984 Feyenoord 33 (11)
Totalt 514 (290)
Landslag
1966-1977 Nederland 48 (33)
Trenar for
1985-1988 Ajax
1988-1994 Barcelona
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Hendrik Johannes Cruijff (25. april 194724. mars 2016)[1][2] var ein nederlandsk fotballspelar og -trenar fødd i Amsterdam. Han spela for Ajax Amsterdam, FC Barcelona, Los Angeles Aztecs, Washington Diplomats, UD Levante og Feyenoord.

Cruijff vann Gullballen som årets fotballspelar i Europa i 1971, 1973 og 1974.[1] Han vart rekna som ein av dei beste spelarane i si samtid.[3] Han vart halden fram som sentral i den såkalla totalfotballen som gav det nederlandske landslaget suksess i 1970-åra.[1]

Etter at han slutta som fotballspelar var Cruijff trenar for Ajax Amsterdam og FC Barcelona. Også her hadde han stor suksess.

Han er far til fotballspelaren Jordi Cruijff.

Spelestil[endre | endre wikiteksten]

Cruijff i Barcelona-drakt i 1975

I utgangspunktet var Cruijff senterløpar, men slik totalfotballen var opplagd kunne han fort skifte posisjon. Inn i mellom mottok han ballen langt nede på eigen banehalvdel, ofte veksla han brått posisjon frå den eine vengen til den andre og skapte då forvirring hos motstandarens forsvarsspelarar. For si tid vart dette ein nyskapande måte å spele på. Cruijff var kjent for sin framifrå teknikk, dessutan for si fart og sin akselerasjon. Men hans største styrke var hans overblikk, der framheva han seg som fotballspelar målt mot alle sine samtidige.

Ei finte, Cruijff-vendinga, er oppkalla etter han. For å utføre finta, lest Cruijff som han skal til å sentre ballen. I staden for å sparke ballen, dreg han den bak stambeinet med innsida av den andre foten. Samstundes vender han 180 grader og akselerer på utsida av forsvarsspelaren.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Ajax Amsterdam[endre | endre wikiteksten]

Cruijff debuterte 15. november 1964 mot FC Groningen, han skåra Ajaxs einaste mål i kampen som enda med nederlag 1-3. Stor merksemd framkalla den unge Cruijff først i 1965/66-sesongen. I oktober 1965 skåra han begge måla i ein cupkamp mot byrivalen DWS (2-0). Straks fekk han fast plass i førsteellevaren. I den sesongen skåra han 23 mål på 25 kampar, og Ajax vann med Cruijff den nederlandske serien. Året etter vann han med Ajax både serien og cupen og vart toppskårar med 33 nettkjenningar.

Våren etter, 1969, kunne Cruijff på nytt heve meisterpokalen for cupsiger, og vart for andre året på rad kåra til årets fotballspelar i Nederland. Ajax med Cruijff i angrepsrekka spela seg heilt fram til finalen i Europacupen, der laget tapte 1-4 for den italienske klubben AC Milan.

I sesongen 1969/70 vart han for andre gong både serievinnar og cupvinnar. Sesongen deretter byrja med ein hofteoperasjon. Først ut i oktober månad kom Cruijff på bana att. Hans comeback fann stad mot PSV Eindhoven den 30. oktober 1970. I den kampen drog han for første gong på seg trøye nummer 14, då lagkameraten Gerrie Mühren til vanleg brukte nummer 9. Etter den tid spela Cruijff nesten alltid med nummer 14 på ryggen.

29. november 1970 sette angrepsspelaren Cruijff ein rekord då han i ein cupkamp mot AZ Alkmaar skåra seks av lagets mål i ein kamp som enda 8-1. Ajax spela seg i den sesongen fram til siger i Europacupen. Laget slo Panathinaikos frå Athen med 2-0 i finalen. I same året vart Cruijff for første gong årets europeiske fotballspelar.

Ved sesongslutt 1971/72 kunne Ajax med Cruijff i spissen atter heve pokalen som prova at laget var det beste i Europa. I finalen mot Inter frå Milano skåra han i andre omgang dei to måla som gav 2-0 i målprotokollen. Kampen vart skildra som propaganda for fotballspelet. Same hausten sikra klubben seg verdspokalen ved å vinne over dei søramerikanske meistrane, argentinske Independiente. I januar 1973 vann Ajax 3-2 over skotske Rangers FC i den europeiske supercupen. Sesongen 1972/73 avslutta klubben med å vinne Europacupen for tredje året på rad. I den sesongen skåra Cruijff i lokalderbyet mot FC Amsterdam sitt første og siste sjølvmål.

Sommaren 1973 forlet Johan Cruijff Ajax etter seks meistertitlar, fire cupsigrar, tre europacup-sigrar. Den spanske klubben FC Barcelona betalte om lag seks millionar nederlanske gylden for å sikre seg hans tenester.

FC Barcelona[endre | endre wikiteksten]

Cruijff vart omgåande ein publikumsyndling hos katalanarane. Mellom anna på grunn av ein uttale der han sa han hadde valt Barcelona framfor Real Madrid, ettersom han ikkje kunne spele for ein klubb som var så knytt til diktatoren Francisco Franco. Han innynda seg endå meir med fansen då han kalla opp sonen sin etter Katalonias vernehelgen, og det i den katalanske namneforma Jordi. Med Cruijff vann FC Barcelona for første gong sidan 1960 det spanske seriemeisterskapet; same året vart han atter valt til årets europeiske fotballspelar.

I si tid med Barcelona skåra han det såkalla fantommålet. I ein kamp mot Atletico Madrid hoppa Cruijff i veret og skåra målet med høgre hælen sin (sjølv om ballen kom nærast i høgd med nakken) utan å sjå ballen då den trefte hælen.

Cruijff etter sin avskjedskamp i 1984

USA[endre | endre wikiteksten]

I 1979 underskreiv Cruijff ei ytst lukrativ kontrakt med Los Angeles Aztecs. Der var han berre ein sesong. I det påfølgjande året spela han for ein annan US-amerikansk klubb, Washington Diplomats.

Tilbake til Nederland[endre | endre wikiteksten]

Etter eit slags gjestespel med UD Levante (10 kampar) i Spania kom Cruijff tilbake til heimlandet. Etter to seriemeisterskap med Ajax i åra 1982 og 1983 fekk han ikkje forlengd kontrakten, så Cruijff gjekk til Rotterdam og Feyenoord. Her, i sin siste sesong som profesjonell fotballspelar, vann klubben med Cruijff på laget både serien og cupen. I 1984, 37 år gammal, la han opp som fotballspelar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Cruijff under VM-finalen 1974 mot Vest-Tyskland

Cruijffs landslagsdebut fann stad 7. september 1966 i Rotterdam i kvalifiseringskamp til EM mot Ungarn (2-2). Allereie i sin andre landskamp, mot Tsjekkoslovakia, førte hans impulsivitet til at han i det 76. minutt vart utvist. Dermed var han den første nederlandske landslagsspelaren som vart vist bort frå bana.

Etter eit års sperre, i lagt av det nederlandske fotballforbundet, spela han 13. september 1967 atter i den oransje landslagstrøya. Allereie etter to minuttars spel skåra han kampens einaste mål, ein EM-kvalifiseringskamp mot DDR.

Cruijff var kaptein på det nederlandske landslaget som i 1974 vann sølvmedaljen i verdsmeisterskapen. I turneringas 2. finalrunde viste det nederlandske mannskapet ei glansførestelling då Argentina vart slegne 4-0, Cruijff skåra to av måla. Og då den regjerande verdsmeister Brasil vart slegne med 2-0, var Nederland klar for kamp om VM-tittelen. I finalen mot Vest-Tyskland tapte laget 1-2.

Sin siste landskamp fullførte Cruijff 26. oktober 1977 i Amsterdam i kvalifiseringskamp til VM mot Belgia (1-0). Han sa då nei til vidare landslagsspel, og let seg ikkje overtale til å verte med til VM i Argentina, der Nederland skulle kome til å spele seg fram til finalen mot vertslandet. Ei tid var det sagt at det var avsky for det argentinske diktatur-styret, men seinare har det kome fram at det var eit kidnappingsforsøk i Barcelona som var utløysande for Cruijff si avgjerd.

Til saman spela Johan Cruijff 48 landskampar og skåra i desse 33 mål. I 33 av landskampane var han kaptein for laget.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Johan Cruijff i 2009

Ajax Amsterdam[endre | endre wikiteksten]

I sine få år som trenar for Ajax vann klubben den nederlandske cupen to gonger (1986, 1987) og ein gong Cupvinnarcupen (1987). Her kunne Cruijff greitt vidareføre det arbeidet hans føregjengar og læremeister Rinus Michels hadde nedlagt.

FC Barcelona[endre | endre wikiteksten]

1988 forlet han Amsterdam og drog atter til Katalonia. Under Cruijff vann Barcelona den spanske ligaen fire gonger på rad, ein gong den spanske cupen, ein gong (1989) Cupvinnarcupen (2-0 over Sampdoria) og i 1992 den store Europacupen (1-0 over Sampdoria, etter eit mål av Ronald Koeman i ekstraomgangane). Cruijff sikra klubben spelarar som Koeman, Michael Laudrup, Hristo Stoitsjkov og Romário de Souza.

Meistertitlar og medaljar som spelar[endre | endre wikiteksten]

9 gongar nederlandsk seriemeister med Ajax Amsterdam (1966, 1967, 1968, 1970, 1972, 1973, 1982, 1983) og Feyenoord Rotterdam (1984) 6 gongar nederlandsk cupmeister med Ajax Amsterdam (1967, 1970, 1971, 1972, 1983) og Feyenoord Rotterdam (1984) Spansk seriemeister med FC Barcelona (1974) Spansk cupmeister med FC Barcelona (1978) 3 gongar vinnar av Europacupen med Ajax Amsterdam (1971, 1972, 1973) VM-sølv med Nederland (1974) EM-bronse med Nederland (1976)

Både i 1971, 1973 og 1974 vart han kåra til Årets europeiske fotballspelar.

Meistertitlar som trenar[endre | endre wikiteksten]

2 gonger nederlandsk cupmeister med Ajax (1986, 1987) 2 gonger vinnar av Cupvinnarcupen med Ajax (1987) og Barcelona (1989) 4 gonger spansk seriemeister med Barcelona (1991, 1992, 1993, 1994) Spansk cupmeister med Barcelona (1990) Vinnar av Europacupen med Barcelona (1992) Supercup-siger med Barcelona (1992)

Ymse[endre | endre wikiteksten]

I ein periode var Cruijff side-kommentator for nederlandsk fjernsyn. Både då han var spelar og trenar, var han kjend for sine replikkar.[treng kjelde] Mellom anna har han kome med desse uttalane:

  • Det er lettare å vinne ein kamp når ein spelar godt, enn når ein spelar dårleg, og
  • Italia kan ikkje vinne mot oss (Nederland), men vi kan tape mot dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Johan Cruyff er død». TV2.no. 24.03.2016. 
  2. «Johan Cruijff (68) overleden». nu.nl. 24. mars 2016. 
  3. «Johan Cruyff». Store norske leksikon. 25. mars 2016. Henta 26. mai 2018.