Johan E. Mellbye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan E. Mellbye
Statsråd Johan Egeberg Mellbye (1866-1954) (HHB-10310).jpg
Fødd11. november 1866
Oslo
Død17. desember 1954 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Senterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs Landbrukshøgskule
BarnJan E. Mellbye

Johan Egeberg Mellbye (11. november 186617. desember 1954) var ein norsk gardbrukar og bondeleiar frå Oslo. Han var i 1920-21 den fyrste formannen i Bondepartiet (Senterpartiet).

Mellbye fekk i konfirmasjongåve storgarden Grefsheim på Nes i Ringsaker. Etter agronomutdanning på Noregs Landbrukshøgskule tok han i 1889 over drifta av garden, der han i tillegg til åkerproduksjon byrja med svin, kalkun og planteskule.

Frå 1890-talet redigerte han landbrukssidene i Hamar Stiftstidende, og skreiv om landbruk i andre aviser og tidsskrift. Mellbye var talsmann for å samle bøndene i ein organisasjon, noko som vart tilfelle ved danninga av Landsmansforbundet (Norges Bondelag) i 1896. Perioden 1901-04 og på ny 1909-41 var han formann i Bondelaget. Frå 1908 var han fyrste formann i det seinare som skulle få namnet ny Jord.

Mellbye var statsråd og sjef for Landbruksdepartementet frå 26. september 1904 til 10. mars 1905 i Francis Hagerups andre regjering, representerte då Høgre. Han var stortingspresentant for Hedmark og Bondepartiet frå 1922 til 1930. I alle sine år på Stortinget var han parlamentarisk leiar, med sete i tollkomiteen.

Formann i Hedmark Historielag frå 1918.

Sonen Jan E. Mellbye (1913-2009) var formann i Norges Bondelag 1969–74. Peter Andreas Munch var morfaren hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]