Johan Ellingsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Hoff Ellingsen (10. juni 187530. april 1948) var ein norsk gardbrukar, oppsynsmann og politikar frå Hamarøy kommune. Perioden 1919–1921 representerte han partiet Venstrestortinget.

Ellingsen var frå Selsøya i Hamarøy. I tida 1897-1906 dreiv han omfattande landhandel og omsetjing av fisk på Skrova i Lofoten. Frå 1907 tok han over drifta av farsgarden Fitje og hadde ansvaret for denne i fleire tiår. I tillegg var han postopnar og dampskips-ekspeditør frå 1915.

Ellingsen var med i heradsstyret for Hamarøy 1901-07, sidan ordførar 1910-19. Han var elles tidvis leiar av ei rad kommunale utval og styre. Hausten 1918 vart han vald til stortingsmann frå einmannskrinsen Nordre Salten. På Stortinget var han medlem i Finans- og tollkomitéen og i ein kort periode i Skog- og vassdragskomitéen.

I 1922 fekk Ellingsen stilling som fiskeriinspektør for Nordland og Troms, ein posisjon han hadde til nazi-styresmakter avsette han i 1943.

Ellingsen var elles medlem i Hamarøy heradsstyre 1934-45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]