Johan Feyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Feyer
Fødd 16. juli 1821
Død

26. juni 1880

Johan Fredrik Feyer (16. juli 182126. juni 1880) var ein norsk industrileiar, fødd og død i Kristiania.

Feyer var son til ein sorenskrivar som frå 1834 hadde embete i Eigersund. Etter å ha avlagt ein dårleg eksamen artium i 1841, reiste Feyer til England og lærte seg å produsere leirvarer. I 1846 vende han tilbake til Eigersund og starta året etter opp ein fabrikk, Egersund Potteri, som laga brunt steinty. Alt frå 1850-åra var Feyer den fremste fabrikanten av steintøy i Noreg.

I 1865 danna han Egersund Fayancefabrik, og drifta vart innretta mot kvitt steintøy. Jamsides fabrikkdrifta var han heile tida på jakt etter nye skjerp og mineral. I 1870-åra fekk han pengevanskar, grunna det mislukka AS Stavanger Grubekompani, og vart slegen konkurs i 1876. Firmaet var selt av skifteretten til eit aksjeselskap. Men fajansefabrikken var likevel solvent, og Feyer vart boden disponent-stillinga. Han avslo tilbodet, valde i staden å flytte til hovudstaden, der han arbeidde som kontorist.

Feyer hadde store kunnskapar kva gjaldt teknikk og naturvitskap, men var mindre oppteken av forretningsdrift og økonomi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]