Johan Frederik Thorne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Frederik Thorne

Fødd23. desember 1801
Drammen kommune
Død7. mars 1854 (52 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, trelasthandlar, forretningsdrivande
BarnJohan Thorne
Alle verv

Johan Frederik Thorne (23. desember 18017. mars 1854) var ein norsk kjøpmann, trelasthandlar og stortingsmann frå Drammen. Han var far til Johan Thorne, og bror av Søren Thorne.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thorne var fødd i Drammen, og budde der heile livet. Han tok til som kjøpmann, seinare tok han og til som trelasthandlar og dreiv med dette i vel tjue år (1827-48). I eigenskap av brukseigar var Thorne med å stifte Buskerud amts landboforening, han var og med på skipinga av Drammens og Holmestrands skibsassuranseforening. Thorne sette i fart dei to fyrste dampbåtane på Tyrifjorden. Perioden 1837-43 var han stadshauptmann.

Thorne var innvald på Stortinget 1833, 1839, 1845 og 1848. Til sesjonen i 1842 var han tredje varamann. På dei ulike stortinga var han medlem av ymse komitear. I 1848 var han formann i bankkomiteen. Kring valet av representantar til 1836-sesjonen var det ein del ugreie, og Thorne kom ikkje med.

Thorne var med i kommisjonen av 1838 som såg på handelsloven. 1841 deltok han som norsk representant (fullmektig) i avslutninga av ein traktat om Øresundstollen.

Under den økonomiske krisa i 1848 måtte Thorne innstille den store verksemda si.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914