Johan G. Austeen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan G. Austeen
Fødd 21. august 1863
Yrke politikar

Johan Gustav Austeen (fødd 21. august 1863) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Brunlanes i Vestfold. Han representerte fyrst Venstre og sidan Frisinna VenstreStortinget.

Austeen var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtsskule før han åra 1887-90 gjekk landbrukshøgskulenÅs. Dei neste fem åra var han gardsfullmektig ved landbrukshøgskulen. Sidan 1895 var han styrar av landbruksskulen i Sem i Vestfold.

Austeen var 1904-07 medlem av heradsstyret i Sem og tida 1905-07 styreformann i Vestfold skogselskap. Periodane 1906-09 og 1910-12 var han einmannskrinsen Sandeherred sin representant til Stortinget. I den fyrste bolken representerte han partiet Venstre og var medlem av justiskomiteen. Den andre valbolken var han vald inn for Frisinna Venstre og hadde sete i landbrukskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]