Johan Gjøstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Gjøstein
Johan Gjøstein.jpg
Fødd 5. januar 1866
Stord
Død

15. februar 1935

Yrke politikar

Johan David Haslund Gjøstein (5. januar 186615. februar 1935) var ein norsk skulemann og politikar frå Stord. Han var i tolv år stortingsmann, fyrst for Arbeidarpartiet, deretter Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Ole Georg Gjøsteen var ein eldre bror.

Johan Gjøstein var i lang tid lærar og overlærar ved Petri skole i Stavanger. Frå 1921 til 1934 var han skuledirektør i Agder og Stavanger.

Heilt frå ungdomsåra engasjerte Gjøstein seg i arbeidarrørsla, var mellom anna formann i Stavanger arbeidarparti. Han var ei særleg drivande kraft då avisa 1ste Mai vart etablert i Stavanger i 1899. Dei fyrste åra var han både styrar og den faktiske redaktøren i avisa.

I 1899 vart Gjøstein medlem av bystyret i Stavanger, og frå 1902 hadde han plass i formannskapet. Åra 1911 og 1912 var han ordførar i byen. Alle desse åra var han også aktiv i fagrørsla.

Frå 1913 til 1924 var Gjøstein stortingsmann. Under dei interne partistridane i Arbeidarpartiet i tida etter fyrste verdskrigen var han ein markert talsmann for den moderate fløya, og fylgde Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti etter partisplittinga i 1921. I rikspolitikken markerte han seg spesielt som ein forkjempar for einskapsskulen.

Ein statue av Johan Gjøstein, forma av Erik Haugland, er plassert på Gjøsteins plass i Stavanger.

Gjøstein døydde i Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]