Johan Hareide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Hareide
Fødd 10. juni 1926
Død

30. juni 2009

Yrke forretningsdrivande

Johan Einarsson Hareide (10. juni 192630. juni 2009) var ein norsk næringsdrivar og Høgre-politikar frå Hareid, son til Einar Hareide og far til Einar Johan Hareide.

Hareide var ei tid disponent i fiskebåtreiarlaget Johan E. Hareide, samstundes var han i fleire år formann i Aalesunds Rederiforening. I 1960-åra var han leiar for det norske bistandsprosjektet i Kerala i India ei 3-4 år. Frå 1968 til 1984 var han disponent ved skipsverftet Hjørungavaag Verksted i Hjørungavåg, ei industribedrift som i hans leiartid ekspanderte mykje.

Toårsperioden 1988-89 var Hareide ordførar i Hareid kommune, vald på ei Høgre-liste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]